Rysntjednet Vandring

  • "Stupulen" i Herredale.

    "Stupulen" i Herredale. Foto: Thor Østbye

  • Rysntjednet tidlig vinter

    Rysntjednet tidlig vinter Foto: Dag Nordsveen

  • Den første snøen forsterker formasjonene

    Den første snøen forsterker formasjonene Foto: Dag Nordsveen

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: juni–november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 0.9 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 330 meter
  • Varighet: 0.5–1 timer

Om Rysntjednet

Dette kan vera ein kort tur der du får med deg trivelege stølar, vill natur og høgfjell på eit par timars tid. Du kan og sjølvsagt spandere meir tid og få med deg meir høgfjell.

Du køyrer Slettefjellvegen frå Vangssida. Med det same du køyrer denne vegen, bør du stoppe i den kvasse høgresvingen etter grinda opp for Slettefjellbommen for å ta ein titt på Sputreføssen. Avstikkaren tek berre nokre minutt, og du får sjå eit skikkeleg gjel og ein frisk og sprudlande føss, som takka vera ein avsats i elveleiet får ein elegant fasong.

Litt lengre oppe tek du av ved skilt til Herredalen. Turen går på fin grusveg innover dalen forbi små stølsgrender, dei fleste diverre nedlagde som støl, men ein geiteflokk skal finnast, og sauer er det mange av. Om hausten, i brunsttida, går det ofte flokkar på fleire hundre tamrein i Herredale. Stølane har trivelege namn som Brubakkin, Grønstøladn, Kleivaslette, Hellestølen og Nørre Herredalen. Du køyrer så langt vegen går, men før du kjem til endes, køyrer du under Blåe bergo, stupbratte opp på høgre sida. Rett over dalen ser du åne Trølla med Trølleføssen. Så parkerer du og går over Rysna, som diverre har mista mykje av ”fordums storhet” etter reguleringa. Mesteparten av vatnet går no i tunnel. Du vil sjå at dalen deler seg her. Du tek til høgre, i nordleg retning, og fylgjer merking oppover, ca. 300 høgdemeter opp.

I ”himmelsyn” ser du litt av lukehus og demning. Når du kjem dit, vil du kanskje finne eit islagt Rysntjedn sjølv om det er langt uti juli. Her kan turen ende, eller du kan finne veg og lei sjølv for ein lengre tur. Går du t.d. T-merka stigen vestover mot Tomashellaren, vil du koma inn på stølsvegen som går til Kvithaug. Vil du ha rundtur og sleppe gå same vegen attende, er alternativet å fylgje stølsvegen sørover over Høgegge, men ta av frå denne og gå langs Geitskinntjednet. Gå på nordsida til austenden på tjednet, og litt til. Så svingar du mot nordaust over ein liten rygg. Då ser du rett ned i det dalføret som endar ved parkeringsplass og bil.

Kart

Lagre og del

Se flere populære opplevelser

Bøgahi Skræmetindane
Vang

Kulturminner 2.9 km · 2.5 – 3 t

Bøgahi Skræmetindane
Valdres

Kulturminner 2.9 km · 2.5 – 3 t

Sandalen - Ole
Vang

Vandring 18.5 km · 6 – 7 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt