Valdresflye - Torfinnsbu - Bygdin Vandring

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destination Vang
  • Season januar–desember
  • Difficulty Medium
  • Distance 26.2 kilometer
  • Elevation 350 meter
  • Duration 3–4 timer

Legg i favoritter

Om Valdresflye - Torfinnsbu - Bygdin

Stigen frå Vandrerhjemmet på Valdresflye (1389 moh.) mot Bygdin fylgjer det gamle terrengdraget/ferdselsvegen mellom Valdres og Gudbrandsdalen. Fylg skilt mot ”Torfinnsbu og Bygdisheim” på vestsida av vegen. Stigen går i flatt eller svakt hallande terreng. Langs strekninga kan ein del spesielle fjellfuglar, både vadefuglar og sporvefuglar, vera å sjå. I stigkrysset vest for Øystre Fagerdalshø tek du ned til høgre mot Torfinnsbu og rett fram mot Bygdisheim/Bygdin, sjå skilt. Stigen mot Torfinnsbu ned til åne Breiløypa kan vere noko blaut, spesielt etter regnver. Vadeplassen er litt dårleg merka, så pass på steinane som kan vera temmeleg glatte både her og i bekkar lengre framme. Terrenget vidare nedover vekslar mellom turr hei og myrar som periodevis kan vere våte. Etter kvart blir vegetasjonen rikare og meir variert og flekkvis lyser den lyseraude orkideén brudespore opp. Nokre hundre meter før stigkrysset ved Dyrnesøddin går stigen gjennom noko som liknar eit attgrodd stølsjorde med mange blomsterplantar som mogop, fjelltjøreblom, bakkesøte, perlevintergrønn, fjellsveve og fjellkattefot. Ca. 50 m ovafor stigen ligg ei godt synleg tuft, men då ingen kjenner til støling her, er dette truleg spor frå tyskarane sitt opphald her under krigen. (Dei hadde óg leirar litt lenger vest på Hestevøllo.) Nede i stigkrysset, der skilta manglar piler, fylgjer du stigen vidare vestover.

Skal du til Bygdisheim/Bygdin Høyfjellshotell frå Valdresflye, bør du halde rett fram i stigkrysset ved Øystre Fagerdalshø. Her kan du la blikket kvile på hei, myr og Bygdin med omkransande høgfjell medan du traskar nedover gjennom grasmark i slakt hallande terreng. Ein beinveg går gjennom Heimre Fagerdalen, på nedlagt T-merka stig. Ved stigkrysset her, aust for Synsbekknuppadn, veks det stadvis mykje mogop og fjelltjøreblom på turre grushaugar. Plantelivet vidare langs stigen nedover til Bygdisheim er verdt å kikke nærare på. Her veks mellom anna mykje grønkurle, gullmyrklegg, svarttopp, skogstorkenebb, fjellbakkestjerne, bjønnbrodd, blankstorr, fjellburkne, blålyng og setergråurt.

Har ein tilgang på to bilar, eller blir henta, kan ein kort, fin dagstur vera å starte frå Valdresfly'n, gå T-merka løypa ned til Bygdisheim og vegen fram til Fagerstrand/Bygdin Høyfjellshotell, eller raskare, gå stigen gjennom Heimre Fagerdalen.

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen

Valdresflye - Torfinnsbu - Bygdin kart