Nørre Kælvehølotinden Vandring

  • Bilde A. Lina viser vegval opp fyrste bratta.

    Bilde A. Lina viser vegval opp fyrste bratta. Foto: Thor Østbye

  • Frå toppen av Nørre Kælvehølotinden, utsyn vestover.

    Frå toppen av Nørre Kælvehølotinden, utsyn vestover. Foto: Thor Østbye

  • Bilde B. Lina viser vegval opp andre bratta.

    Bilde B. Lina viser vegval opp andre bratta. Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: januar–november
  • Vanskelighetsgrad: Ekspert
  • Lengde: 3.2 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 970 meter
  • Varighet: 3–5 timer

Om Nørre Kælvehølotinden

For å koma til turisthytta Torfinnsbu tek du gamle, ærverdige ”Bitihorn” frå Bygdin eller Eidsbugarde, eller du går T-merka stigar som fører dit. Frå Torfinnsbu fylgjer stig langs Bygdin og kryssar brua over Torfinnsdøla. Ta umerka stig mot nord, og fylg så ryggen nordaustover i retning Nørre Kælvehølotinden på umerka stig som forsvinn meir og meir. På flata mellom 1200 -1300 moh passerer du mange dyretråkk som er spor etter rein som ferdast i området. Enkelte passasjar er temmeleg bratte, men det er ganske ufarleg og fullt framkomeleg. Litt etter 1300 moh tek du sikte på bergveggen og skaret. Ved omlag 1700 moh går du oppover langs veggen/bekken. Det ser bratt ut, men er relativt lett å gå. Frå ca. 1800 moh i blokkmark mot toppen. Det finst ei rekkje plantar langs leia. Du kan finne gullmyrklegg, fjelltjøreblom, snøbakkestjerne, rosenrot, fjellarve, issoleie, fjelltistel, tuesildre, knoppsildre, raudsildre og mange fleire. Oppover mot skaret på bilde A finst tuer med reinrose, fjellkvann, bakkesøte, turt, jåblom, gulsildre, mogop, rynkevier og fjellsmelle. Delar av ein steinmur, nesten på toppen, er restar av anlegg som tyskarane hadde i fjella her under krigen. Dei trena på fjellkriging, og det er ”minnesmerke” etter dei fleire stader, dei fleste kanskje på og omkring Bitihødn. Er du framleis ”pigg” og vil oppleva meir flott fjellnatur, går du vidare frå toppen av tinden ned på ryggen nordover langs Kælvehølobreudn, som du då har på høgre hand, og tek siste harde stigning opp til Vestre Kælvehøgde (2208 moh.), det høgste punktet i Valdres (ca. 1-1½ t. å gå frå N. Kælvehølotinde). Turen hit opp er spekka med utsiktspanoramar over dalar, vatn, tindar og brear. Dersom du går ein halv time i austleg retning langs kanten av stupa mot Leirungsbreen, får du også med deg toppen av Øystre Kælvehøgde (2178 moh.), og kanskje tek du også spaserturen ut på Munken (2100 moh.) der du har utsikt til alle ville juv på sidene. Ein alternativ nedtur, er å ta leia rett sørover mellom Kælvehølobreudn, krysse Kælveåne og i ca. 1300 meters høgde skrå vestover attende til Torfinnsbu. Eller du kan fylgja Kælveåne ned mot Hestevølladn og stigen mot Bygdin hotell, dersom det er endepunktet for turen. I området rundt Torfinnsbu er det rikt fugleliv. Er du heldig kan du sjå sivsporv, lauvsongar, ringtrost, gråtrost, steinskvett, heipiplerke og ramn. I Torfinnsdøla held fossekallen til, og har du virkeleg flaks, kan det hende at kongeørna, tårnfalken og fjellvåken svevar over hovudet ditt.

Kart

Lagre og del

Tilbakemelding

Se flere populære opplevelser

Torfinnsbu to Eidsbugarden
Jotunheimen

Vandring 19.3 km · 8 – 10 t

Torfinnsbu - Gjendebu
Vang

Vandring 14 km · 4 – 5 t

Torfinnstinden
Jotunheimen

Vandring 5.2 km · 5 – 6 t

Kvitskartinden
Vang

Vandring 7.8 km · 5 – 7 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt