Fondsbu - Gjendebu - Torfinnsbu Vandring

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destination Vang
  • Season januar–desember
  • Difficulty Medium
  • Distance 29.6 kilometer
  • Elevation 1,010 meter
  • Duration 7–9 timer

Legg i favoritter

Om Fondsbu - Gjendebu - Torfinnsbu

Dette er ei svært populær rute. Turen startar ved hotellet, går forbi Vinjebue og kryssar Mjølkedøla. Derfrå fylgjer du skilt mot ”Gjendebu” og ”Torfinnsbu” austover langs nordsida av Bygdin (1057-1048 moh.). Etter ca. 600 m der stigen går gjennom ein liten haug (rett før han går i vasskanten), går stigen nesten oppe i ei delvis samanrasa reinsgrav, og ca. 10 m nord for denne er ei meir intakt grav. Gravene er strategisk plasserte i denne smale passasjen i terrenget. Litt før Høystakkane (1359 moh.), går stigen bratt opp dalen mot Høystakktjednet (1271 moh). No er den verste stigninga unnagjort og terrenget flatar ut forbi Høystakktjednet, Rundtom (ca. 1480 moh.), Geithø (1467 moh.) og Tungepiggadn (1518 moh.) før stigen fylgjer Vesleådalen nedover til Gjendebu.

Nord for Geithø går det T-merka stig vestover til Olavsbu (både nord og sør for Snøhøltinden), Skogadalsbøen, og eventuelt til Fondsbu/Eidsbugarden. Frå denne stigen går den gamle postvegen (umerka) sørvestover mot Eidsbugarden vest for Geithø, sør for Grøneberget (1543 moh.), vest for Grønebergtjednet (1285 moh.) med store flater dekt av myrull, Gravatjednet (1384 moh.), over Gravafjellet og bratt ned til Bygdin og T-merka stig der, ca. 1 km frå brua over Mjølkedøla. På 1350 moh., omlag der stigen kryssar åne frå Gravartjednet, går eit gamalt bægji (ledegjerde) på 14 m over åne mot nordvest til ein stor stein som truleg har fungert som bøgahi. ”Postvegen” var ei sommarpostrute mellom Eidsbugarden og Bygdin i åra 1883 til midten av 1920-talet, den tida posten såg si ære i å yte god service for oss i utkanten.

Til Torfinnsbu. I stigkrysset nordaust for Høystakktjednet går stigen til Torfinnsbu austover og inn i Uksedalen Stigen går slakt oppover 220 høgdemeter til Uksedalstjednet (1561 moh.) i mose, musøyra og småurer. Langs vatnet, i snø og grov ur og bratt opp i grov ur på bandet aust for tjednet. Nesten på toppen fylgjer stigen ryggen litt nordover før leia tek lågaste punkt på ryggen ned att, også her i grov ur. Der me går ut av ura, ved enden av bratt sva, ligg ei reinsgrav nokre meter nord for stigen. Grava er grovt bygd av runde steinar, og det er bygd steinplattformer i båe endar slik at reinen har kome bort til og opp i grava i denne grove ura. Stigen går så nedover mot Galdebergtjednet (1507 moh), gjennom grøne teppe, oppstykka av mange småbekkar. Vidare går du i ur langs vestsida av tjednet, steingår åne i osen, og så opp att mot Langedalstjednet (1513 moh.) Så går leia i flatt og lettgått terreng langs vatnet i ein mosaikk av mose, musøyra, issoleie og stein, og me kan nyte dei høge tindane rundt oss som Kvitskartinden, Mesmogtinden, Langedalstinden, Slettmarkspiggen og Galdeberg. På ca. 1500 moh. startar turen nedover Langedalen. Vegetasjonen blir tettare di lenger ned i dalen me kjem, og går ved ca. 1380 moh. over i permanente grasenger der den gule fjellsveva lyser opp utover ettersommaren. Og mange andre plantar gjev inntrykk av eit frodig landskap her. På ca. 1120 moh. kryssar me Langedalsåne på bru, og etter å ha gått nokre minutt er me i stigkrysset der den nedlagte T-stigen på austsida av Langedalen gjekk. Ved andre større bekk aust frå Langedalsåne og rett aust for Nybu kryssar me gamle steingjerde, så her har det nok vore gode hamnar for husdyr i eldre dager. Resten av turen langs Bygdin går i blomsterenger oppstykka av vier, einer og dvergbjørk.

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen

Fondsbu - Gjendebu - Torfinnsbu kart