Fondsbu - Vetti Vandring

  • Kryssing av åne frå Kvitevatnet, med Uranostinden i bakgrunnen.

    Kryssing av åne frå Kvitevatnet, med Uranostinden i bakgrunnen. Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: juni–november
  • Vanskelighetsgrad: Krevende
  • Lengde: 29.4 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 740 meter
  • Varighet: 6.5–7 timer

Open this adventure in the app to save it offline.

Om Fondsbu - Vetti

Gå vegen frå Fondsbu mot Tyinhølma. Etter 800 m tek du til høgre ved skilt til ”Skogadalsbøen/Vetti” og fylgjer stigen opp Sløtafjellet. Du møter stigen frå Tyinhølma ved Nerre Kvitevatnet, 1388 moh. Leia frå Tyinhølma fylgjer vegen mot Køldedale ca. 500 meter, før han tek til høgre (skilt viser til ”Skogadalsbøen/Vetti over Fleskedalen”) oppover fjellet med stadig betre utsikt utover Tyin. Ved austre enden av Nerre Rusteggvatnet (1340 moh.), i eit lite dalsøkk, ligg ei reinsgrav med små ledegjerde ca. 2 m vest for stigen. Når du kjem opp på 1400 m flatar terrenget ut og stigen går på stein og sva. Framfor oss ligg Kvitevatnet (1396 moh), og Uranosbreen stor og mektig. Me ser og Uranostinden, Langeskavltinden, Falketinden og Fleskedalsnøse. Austover langs Rustegge ser me den rustraude ultramafiske bergarten. Stigen går vidare i mykje stein, men er lett å gå, på sørvestsida av Kvitevatnet som er grønt av slam fra isbrea. Vidare opp på bergrygg og etter kvart i noko grov ur fram til åne frå Kvitevatnet, der ein ofte pga. stor vassføring må vasse over på steinane som ligg her. Skulle åne frå Kvitevatnet vera for stri til at ein kan vasse over, må ein fylgje ån nedover til Køldedalsvegen og fylgja stigen frå Køldedale. Denne stigen startar 20 m vest for bommen (grensa inn i Utladalen landskapsvernområde), og går oppover på vestsida av ån frå Uradalsvatnet, ikkje merka, men varda, til sørenden av vatnet. Også over åne frå Uradalsvatnet (1316 moh) må ein enkelte gonger vasse. Langs Uradalsvatnet går stigen etter kvart mykje i ur, og midt på vatnet tek stigen til Vettismorki/Vetti av oppover mot vest (til venstre) i ur til Smoget (1350-1400 moh.) mellom Snøggeknøse (1739 moh) i sør, og Fleskedalsnøse (1780 moh) i nord. I Smoget er det store teppe med issoleie. Herfrå opnar terrenget seg mot den grøne Fleskedalen, og stigen går stort sett nedover resten av turen mot Vettismorki og den selvbetjente turisthytta Ingjerdbu. Stigen mot den betjente Skogadalsbøen ((831 moh) går i mykje ur vidare langs Uradalsvatnet og vidare opp til Uradalsbandet, også her dekorerer issoleia store flater. Du kan no gle deg over at all motbakke på turen er unnagjort og nyte den storslåtte utsikta mot Hurrungadn i vest, medan du vandrar makeleg utover den etter kvart graskledde Uradalen. På austsida av Uradalsvatnet og vidare over Uradalsbandet og ned i Uradalen kan du sjå den heilt spesielle ultramafiske bergarten som brune og raudaktige berg langs kanten over rasmarkene etter vatnet, i rasmarkene som langsgåande ryggar, og større og mindre felt i bergsidene.

Kart

Lagre og del

Se flere populære opplevelser

Vettisfossen Waterfall
Jotunheimen

Vandring 12.6 km · 4 – 6 t

«1000-meteren» på sykkelsetet
Vang

Sykling 17.4 km · 2.5 – 4 t

Hjelledalstinden
Vang

Vandring 6.3 km · 7 – 9 t

Store Ringstind
Jotunheimen

Skitur 14.6 km · 7 – 10 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt