Glittertind

Jotunheimen

Topptur 6 - 8 t 5.9 km

Det er lett å forstå kvifor turen opp på det nest høgste fjellet i Noreg er populær. På vegen opp og på toppen er det storslagen utsikt over Jotunheimen.

Start turen med ei overnatting på den betjente hytta Glitterheim som ligg ved foten av fjellet. Dagen etter startar du utkvilt frå hytta og følgjer den merka ruta nordvestover opp til 2250 moh. Her dreier du vestover og kryssar Glitterbrean, som du følgjer til topps.

Eit lengre alternativ er å starte med å følge stien vestover mot Spiterstulen, og så ta av mot nord til Ryggjehøe (2142 moh.) på svak sti. Vidare nordvestover til Glitterrundhøe (2089 moh.), før du tek nordaust til Glittertinden. Ned att til Glitterheim tar du normalruta. På denne turen må du rekne rundt 9 timer.

Dag Nordsveen
Jan Stokstad
Dag Nordsveen

Likte du Glittertind? Finn opplevelser i nærheten.

Glitterheim

Glitterheim, strålende for ski

6 - 8 t

10.4 km

Galdhøpiggen

6 - 9 t

5.6 km

Spiterstulen, mer enn randonee

6 - 8 t

7.7 km