Storebjørn Vandring

  • Foto: Dag Nordsveen

  • Foto: Kari Sveen

  • Foto: Live Sulheim

  • Foto: Dag Nordsveen

  • Foto: Dag Nordsveen

Viktig informasjon

  • Jotunheimen
  • januar – desember
  • Ekspert
  • 7.6 kilometer
  • 1,070 meter
  • 9 – 12 timer

Om Storebjørn

Storebjørn er sjølve majesteten blant Smørstabbtindane, og med si spesielle form ruver han i terrenget. Turen til Storebjørn er ei av dei verkelege store klassikarane i Noreg. Det er ein stor og krevjande tur for å nå toppen av fjellet, og det er ikkje mogleg å nå toppen utan å bruke tau om sommaren eller ski om vinteren. Den mest vanlege ruta går over Bjørnbrean som har store sprekker i fleire retningar. Dei fleste som går på fjellet i sommersesongen, nyttar guide eller deltek på gruppetur frå Leirvassbu eller Krossbu.

Begge turisthyttene tilbyr guiding og kan tilrettelegge tur ved bestilling. I skisesongen er det frislipp av skientusiaster på de beste dagene, og mange ser på Storebjørn som det optimale toppturmålet. Storebjørn er eit fjell som byr på fleire rundtur- og kombinasjonsmoglegheiter, kor ein tur oppom Sokse med nedkøyring over Storbrean, er ein av dei flotteste og mest spektakulære turane du kan finne i Jotunheimen.

Kartsporet viser den vanlege vinterruta til Storebjørn fra Krossbu. Krossbu ligg ved Sognefjellsvegen, fv 55.