Fuglane i Uri Fuglekikking

  • Kattugle

    Kattugle Foto: Thor Østbye

  • Dvergspett

    Dvergspett Foto: Thor Østbye

  • Fuglekongen

    Fuglekongen Foto: Thor Østbye

  • Stjertmeis

    Stjertmeis Foto: Thor Østbye

  • Dvergfalk

    Dvergfalk Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: april–november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 2.6 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 130 meter
  • Varighet: 1–2 timer

Open this adventure in the app to save it offline.

Om Fuglane i Uri

Uri er eit vakkert barskogreservat. Om ein tek føtene fatt når ein det lett frå parkeringa ved kvernhusa på Leine. Uri er ein bratt og litt ulendt furuskog. Turre furuleggar strekk seg oppover mot Skutshødn, og ein kan finne berg og sva som gjev eit vakkert utsyn over Vangsmjøsa og dei omkringliggande fjella. Mellom desse furuleggane er det eit rikt fugleliv og om du har auge og øyre for slikt kan du både sjå og høyre mange fugleartar som spettar, trostar, songarar, meisar, flogesnapparar og finkar. I Uri har ein registrert heile 72 fugleartar.

Innafor barskogreservatet er det fleire naturtypar, rein furuskog, lauvskog, kalktørrenger i attgroing og blokkmark/ur (Kvitura). Berggrunnen består av mørk, næringsrik, men hard fyllittskifer og jordsmonnet, som består mykje av forvitra fyllit, gir ein veldig tørr skogbotn. Furuskogen ligg soleksponert til på ein markert sørvestvendt åsrygg. Skogen er kortvakse, relativt open, og fleire plassar er det spor etter skogbrannar. Sjølv om trehøgda berre blir omkring 13-15 m., er mange av trea grove og alderen for enkelte tre nærmar seg 300 år. Nedover i lia går den bærlyngdominerte furuskogen over mot kalkfuruskog med større innslag av næringskrevjande planter som dvergmispel, brudespore.

Uri naturreservat ligg på nordsida av Vangsmjøsa, 485-685 moh, og vart freda den 9.7.1993. Freda areal er på ca. 169 da. Formålet med fredinga er å ta vare på eit relativt lite påverka barskogområde med skog- og vegetasjonstypar som er sjeldne i denne regionen.

Kart

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt