Stiftstøtta på Filefjell Kulturminner

  • Foto: Sverre Hjørnevik

  • Foto: Sverre Hjørnevik

  • Foto: Sverre Hjørnevik

Viktig informasjon

  • januar – desember

Om Stiftstøtta på Filefjell

Stiftstøtta er eit flott monument langs Kongevegen som markerer grensa mellom Bergen og Akershus stift.

Frå Kyrkjestølen: Parker på parkeringsplassen på andre sida av vegen for Kyrkjestølen og St. Thomas kyrkja. Frå parkeringa går du 100 meter østover i retning Nystuen, før du dreier 90 grader og er over på den autentiske vegen frå 1793. Etter 2,5 km er du framme ved stiftstøtta. Frå Stiftstøtta er ikkje vegen lang til vegens høgste punkt på 1200 moh.

Marmoren dei nytta var opphavleg frå Lier i Noreg, men vart send til København tidleg på 1700-talet og tenkt som byggjemateriale til Marmorkirken. Støtta vart utforma i nyklassisistisk stil, etter dåtidas mote, hogd i fem kubiske former og med ein topphatt.

Marmorblokkane vart sende frå København med båt til Bergen og vidare til Lærdalsøyri. Men det synte seg at ein av steinane var så tung at han måtte delast i to for å kunne bli frakta landevegen til Filefjell. Bonden Håkon Øvre Ljøsne frå Lærdal tok på seg oppdraget med å frakte steinane til fjells i 1797. Sjølv om han bygde ei spesialvogn til jobben, tok hestane hans skade av det tunge arbeidet.

Frakta i seg sjølv kosta nesten det same som stiftsstøtta. Rentekammeret i København, som skulle betale støtta, var lite nøgd då rekninga kom. Dei samla utgiftene tilsvara budsjettet for tre år med vedlikehald på vegen.

Stiftstøtta fekk eit flott fundament av naturstein og vart eit ynda motiv for kunstnarar. Seinare vart ho flytta ned til den nye hovudvegen i Smeddalen, men kom i 1973 tilbake til sin opphavlege plass. Diverre forsvann to av blokkane undervegs, men framleis kan ein få ein oppleving av den «Styrke og Smukhed» som stiftstøtta hadde – som Kongevegen sin smykkestein.