Belsheimåsen rundt Vandring

  • Ein variert tur på gamle vegar.

    Ein variert tur på gamle vegar. Foto: Thor Østbye

  • Utsyn til Tørpegardane.

    Utsyn til Tørpegardane. Foto: Thor Østbye

  • Duetrost

    Duetrost Foto: Thor Østbye

  • Grindadn, 1724 moh.

    Grindadn, 1724 moh. Foto: Thor Østbye

  • Småtveblad

    Småtveblad Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: april–november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 3.6 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 160 meter
  • Varighet: 1.5–2.5 timer

Om Belsheimåsen rundt

Tur langs dei eldste veger gjennom Vang. Det er ein lett og triveleg rundtur, med informasjon langs vegen.

Dei eldste ferdselsårene me kjenner til, har vore i bruk frå ”uminnelege” tider, og var for det meste stigar der berre ridande og gåande kunne ta seg fram. All sledetransport måtte føregå vinterstid då elvar og vatn var islagde. Vetravegar (vintervegar) vart desse isvegane kalla.

Utgangspunktet er ved kyrkja på Hensåsen, der du parkerer bilen. Skilt i krysset viser vegen mot Vangsnes og (E-16). Denne går du 500 m til skilt som viser ”Belsheimåsen rundt”. Etter å ha gått eit stykke på denne vegen, som er ein bit av den nest eldste vegen gjennom bygda, kjem du inn på gardsvegen nedover mot Belsheimgardadn. Denne fylgjer du til du like ovafor husa i Belsheim finn info-tavle og pilskilt som viser kvar gamlevegen tek til. Ta av til høgre, (vestover) og snart er du på berget rett over hustaka på dei to gamle Belsheimgardadn. På garden nærast skogen sat det på fyrsten av 1900-talet ein litt stri gubbe som måtte finne seg i at alle sønene hans reiste til Amerika frå far og farsgarden. Den siste som reiste skulle ha sagt at ”hadde’n far sagt e skulle bli mæ heimatt, so hadde e gjort det”. Men gubben var for stolt til det, og dei skildest ved skyssen nede på riksvegen.

No byrjar ei interessant oppstigning der ein kan sjå tilløp til litt muring og vegarbeid. Dette var også skogsvegen til gardane her, så vegen kan nok ha vore ”pynta” på i seinare tid. Eit stykke oppi brattbakken viser eit skilt til Jolegeithølet. Eit merkeleg namn som knyter seg til ei hending om ei geit som vart stokk borte, men som vart attfunnen i denne hola i Belsheimberget ein juleaftan.

Stigen går no bakke opp og bakke ned, med ein del stadnamnskilt. Eit av namna ein kan stusse over er Snilepikkhaugen som visstnok har sitt navn fordi haugen ser ut som eit snilehus når den er fri for skog. Så kjem du til skiltet der det står Hensåsen. Der gjekk gamlevegen rett fram og gjennom gardstuna midt i bygda, men vegen er delvis øydelagd som attraksjon avdi det har kome ein buldosararbeidd skogsveg der stigen gjekk, difor tek me stigen mot Hensåsen som også er ei svært gamal og mykje brukt veglei, og som dessutan lagar ein meir ”hendig” rundtur. Langs vegen kan du sjå etter elg, hjort og rådyr, og fuglar som lavskrike, toppmeis og hakkespettar, og vest for Belsheimberget breier lyseraude teppe med linnéa seg utover skogbotnen.

Kart

Lagre og del

Tilbakemelding

Se flere populære opplevelser

Hensåsen - Ryfoss
Vang

Terrengsykling 9.6 km · 1 – 3 t

The ridge to Tomashelleren
Vang

Skitur 30.1 km · 48 t

Blåe Berge
Valdres

Skitur 14 km · 5.5 – 7.5 t

Sist oppdatert:

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt