Rauhødn Vandring

  • Toppvarden har kasse og bok.

    Toppvarden har kasse og bok. Foto: Thor Østbye

  • I Høla blir du helsa velkomen av geiter.

    I Høla blir du helsa velkomen av geiter. Foto: Thor Østbye

  • Blålyng.

    Blålyng. Foto: Thor Østbye

  • Ryggen. Stølene ligg rett på hitsida.

    Ryggen. Stølene ligg rett på hitsida. Foto: Thor Østbye

  • Soloppgang.

    Soloppgang. Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: april–november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 4.9 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 230 meter
  • Varighet: 1.5–2 timer

Om Rauhødn

Køyr Slettefjellvegen, frå Vang eller Beito, og ta av til Høla/Gipestølen omlag 2 km sør for Mugnestølen. Parker ved krysset mot Gipestølen og gå opp i Høla. På denne stølen er det over 100 geiter frå jonsok til sist i september. Geiter er selskapssjuke, og det kan bli ei oppleving for både store og små dersom de treffer på flokken.

Gå opp mellom dei to øvste stølshusa og ta leia mot den høgre av dei to store vardane som står like ovafor stølane. Her går det fin stig austover. Opp til venstre ligg Hølohøgde, 1123 moh, og snart passerer du Gipestølshøvda (1092 moh) på høgre side. Stigen blir gradvis borte. Så går du gjennom to dalsøkk før det går brattare opp på vestsida av Rauhødn. Fylg ryggen søraustover til toppen. Der møter det dykk vidt utsyn til alle kantar. Den rustraude farga, særleg på den bratte austveggen, har gjeve fjellet namn. Farga kjem av at det er jern i berget der. Det er gjort forsøk på å drive ut svovelkis/koparkis frå eit lite dagbrot som no knapt er synleg. Er du heldig, kan du enno finne små granatar her. (Sjå elles Valdres Bygdebok nr. 2 om geologi. Spesielt om Rauhødn finn du på s. 84.)

Alternativ retur kan vera å skrå nedover mot Gipetjedno og runde desse på nordsida. Der går det tydeleg stig som fører forbi Gipestølen og til stølsvegen attende til Høla. Tek du ein stopp ved Gipetjedne og brukar kikkerten, kan du, om du er heldig, sjå ender, vadefuglar og sporvefuglar i våtmarksområda rundt tjedne.

Alternativ tur: Frå Kjøsaraudale til Rauhødn.
Dette er ei tyngre oppstigning, men kan absolutt tilrådast. For å koma til utgangspunktet, køyrer du frå Beito, forbi Grønolen Fjellgard, tek til høgre i krysset ved skiheisen, og køyrer stølsvegen mot Kjøsaraudale 1 km, over Gipa og til fyrste hytte på høgre side. I vegskjeringa, ca. 40 m sør for grinda ved hytta, går stigen, som sume stader held på å ”gro att”, oppover bratte lia mot topp 1046 moh. Vidare fylgjer du høgdedraget nordvestover til siste metrane opp mot toppen. Men søraustveggen er bratt, så du må svinge nokre meter ned til venstre på svak stig, gjennom ei bratt lita ur og langs vestsida av berget eit stykke til terrenget flatar noko ut og du kan ta den siste oppstigninga. (Eller du kan frå topp 1046 moh. gå slakt nedover mot Gipetjedne, passere desse på høgre sida og finne deg høveleg lei til toppen.)

Denne leia kan kanskje vera eit alternativ til retur for den som har gått frå Hølun, og som har ordna seg med skyss i Kjøsaraudale?

På Rauhødn har Vang Turlag ei turkasse med klyppekort og gjestebok for «Turtrimmen 2017-2019».

Kart

Lagre og del

Tilbakemelding

Se flere populære opplevelser

Husky Cart Safari
Beitostølen

Hundekjøring 8.9 km · 2.5 – 3 t

Slettefjellrunden
Valdres

Langrenn 15.2 km · 2 – 2.5 t

Sist oppdatert:

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt