Øye stavkyrkje Kulturminner

  • Foto: Morten Helgesen

  • Foto: Morten Helgesen

Viktig informasjon

  • januar – desember

Om Øye stavkyrkje

Øye stavkyrkje er ei av dei minste stavkyrkjene i landet. Vakkert plassert ved vestre enden av Vangsmjøsa. Kyrkja ligg langs E16 og har eiga parkering. Ein fin plass å stoppe for å få eit bilete av den fine kyrkja. Kyrkja var tidlegare merkeleg nok bygd nede på flatene mot vatnet, nesten ute på odden, eit stykke nordaust for der minnesteinen er sett opp. Til for nokre år sidan var gravene synlege. Kanskje var høgda på Vangsmjøsen lågare på 1200-talet enn no, men etter kvart viste det seg at det vart eit problem dette at kyrkja låg så lågt. Når det skulle vera gravferd om våren når fjorden var høg, hende det at gravene fyltest med vatn så kistene måtte søkkjast ned med stein. Dette var makabert og lite triveleg.

Så visste me lenge ikkje noko meir enn at dei bygde ny kyrkje i 1747. Men kva hadde skjedd med gamlekyrkja? Hadde ho brunne eller blåse ned, eller hadde dei rive henne og selt ho i smådelar slik det ofte vart gjort? Ikkje ein gong gamle folk som lokalhistorikaren Knut Hermundstad hadde snakka med og som var fødde tidleg på 1800-talet, visste noko om gamlekyrkja.
Men så hende det i 1935 at steinar i muren under nye kyrkja hadde falle ut så det laut reparasjon til. Før karane tetta att holet, kom dei til å kike inn under kyrkjegolvet, og der låg det trematerialar. Då dei fekk plukka fram alt, viste det seg å vera 156 delar av stavkyrkja som låg der. Ein kan undre seg over at dette hadde gått så reint i ”gløymeboke” hjå øyeværingane. Så gjekk det nokre år før noko særleg vart gjort med gamlekyrkja. Men då det kom ynskje frå Valdresmuseet på Fagernes om å få setja kyrkja oppatt der, vakna bygdefolket til dåd! Kyrkja høyrde til i Øye, og der skulle ho reisast att. Erik Øye ga ypparleg tomt på Øyebakka, og prøvereisinga viste at det var mogleg å gjenskape kyrkja slik dei meinte ho hadde sett ut. I 1965 stod kyrkja ferdig. Ho vart innvigd av biskop Alex Johnson, og no er ho nok det gjevaste øyeværingane har å vise fram, og dei kan med rette vera krye av kyrkja si.