Suletinden

Skitur 4 - 6 t 7.9 km

Legg i Favoritter

Suletinden, er ein karakteristisk topp som du kjenner att kor hen du er i fjellheimen. Han er vel verd eit besøk.

Me vel turen frå Gamlestøgun. Ta av frå E-16 mot ”Tyin-Filefjell Skisenter” og ”Gamlestøga”. Køyr bomveg til vegs ende, 2,6 km. Parker langs vegen før innkøyring til stølsområdet, ved skilt ”Sulebu”. Fylg stig og merking på nordsida av stølsgjerdet. Etter ca. ½ times gonge i lett stigning på fin stig, kjem du inn på T-merka stig frå Nystøgun (Her står det skilt til Gamlestøgun).

Fylg den T-merka stigen vidare over Gamlestøgofjellet i retning Sulebu. På høgste punktet på stigen, 1380 moh, ved eit lite tjedn ca. 1 km før Sulebu, tek du av i sørvestleg retning (umerka lei) nedover den svakt hallande landskapsryggen, kryssar den T-merka stigen frå Kyrkjistølen og går mot nordvestre enden og utløpet av Øvre Sulevatnet, 1318 moh. Åne må du kanskje vasse. Fylg stranda eit stykke sørover langs vatnet og nyt teppa med stjernesildre som veks der. Vidare går du på venstre sida av ei stor snøfonn. Der snøfonna sluttar, går du rett oppover ura mot vest, og drei etter kvart i sørleg retning og ta peiling på toppen som er lett synleg. Mot slutten blir det brattare, men ufarleg. Fylg skorer og hyller i berget til toppen er nådd og eit vidunderleg skue møter deg. Her har du ei fantastisk utsikt over heile Filefjell-området med Sulevatna, Otrøvatnet. Mot nord og vest ser du heile tinderekkja i Jotunheimen.

Vil du ha ei anna lei ned att, kan du gå på sørsida og ned mot Suleskaret. Skråninga har her og der ei fargerik blomsterprakt. I skaret kjem du inn på den T-merka stigen frå Breistølen som du følgjer mot Sulebu. Langs sørenden av Øvre Sulevatnet er det myr med store mengder snøull.

Så får me håpe du får eit glimt av ein eller fleire tamreinsflokkar innan du avsluttar turen.

Likte du Suletinden ? Finn opplevelser i nærheten.

Nystøga - Sulebu

1.5 - 2 t

5.3 km

Nystøgun - Støgonøse

1 - 1.5 t

5.1 km

Filefjell - jern og samfunn år 1000

0.5 - 1 t

0.3 km

Sulebu

2.5 - 4 t

16.2 km