Hødntinden Vandring

  • Hødntinden med utsyn mot tinderekkja i Jotunheimen.

    Hødntinden med utsyn mot tinderekkja i Jotunheimen. Foto: Thor Østbye

  • Solide murar etter Maristølen.

    Solide murar etter Maristølen. Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: juni–november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 4.2 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 440 meter
  • Varighet: 1.5–2 timer

Om Hødntinden

Køyr Fv 252 mot Eidsbugarden, ca. 1 km. Parker i vika der vegen svingar mot nord. Her går det ein anleggsveg oppover til høgre, mot aust, sjå skilt til ”Hødntinden”. Fylg merkinga langs anleggsvegen til eit lite tjedn ved Yljeosen like før Øyangen. (Øyangen og Steinbusjøen er regulert med 31 m, mellom 1180-1211 moh.) Fylg deretter merking i søraustleg retning. Etter om lag 800 m vil du, 2-300 meter sørvest for merka lei, sjå nokre store, grøne sletter hvor du kan finne tuftene etter Maristølen. Ein triveleg kvileplass på turen. Oppe på toppen har du ”verdens” finaste utsikt. Emanuel Mohn var så begeistra for utsikta herfrå at han som bilag til DNT-årboka for 1884 laga ein biletserie på ein meters lengde av tinderekkja i Jotunheimen.

Går du vidare på fjellkammen søraustover, 15-20 min., får du med deg utsikta frå punkt 1408 moh. Der får du i tillegg til all anna utsikt, fyrsteklasses panoramautsyn over Øye og Vangsmjøse.

I ”glanstida” til gamle Skogstad hotell gjekk det stig frå hotellet og opp på Hødntinden, men stigen er no attvoksen med skog.

Ein alternativ nedtur (umerka), men som er temmeleg lang, kan vera å gå vidare på ryggen i austleg retning frå Hødntinden. Du passerer punkt 1357 moh. og kan anten gå ned til fiskebuene i søraustenden av Øyangen, hald litt aust for bekkeutlaupa for å unngå små bergnabbar og vått terreng. Fylg så anleggsvegen ut Svindalen. Eller: Hald høgdedraget vidare over Ryggen (1347 moh.), over punkt 1289 moh. til 1174 moh. Her ser du ned på demninga og Jonsgardstøl, som på lokalspråket heiter Jonsskør, for det liknar meir på skør enn på gard. Frå 1174 moh. kjem du ned på vegen anten ved å passere under demninga, og gå ryggen rett ned mot sør, eller svinge sørvest ned på steinfylling. Så fylgjer du vegen nedover til Strønd eller Sveji

Kart

Lagre og del

Se flere populære opplevelser

Horntind
Valdres

Vandring 4.2 km · 4 t

Yksendalsbu og Tomashelleren
Vang

Skitur 47.8 km · 72 t

Øvre Dalen
Vang

Skitur 4.4 km · 1.5 – 2.5 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt