Rankonøse

Topptur 2.5 - 3 t 9.3 km

Frå krysset midt på Smådalsfjelle, ”Pigghaug”, køyrer du sørover Smådalen 700 meter til info-tavle/fiskekortkasse, parkering og skilt til ”Rankonøse” og ”Ranastønge”. Herfrå går merka stig vestover (kvitmåla stolpar) på moreneryggar ned mot Smådøla. Etter 5 min gonge, ca. 70 m før bekk, kryssar du den gamle stølsvegen. Du ser han som mange små, parallelle stigar bortover i terrenget. Smådøla kryssar du på skrå ved Tvørrvadet ved merkestolpar på kvar side av åne. (Etter mykje regn kan åne vera så stor at det er problematisk å koma over.) På ettersommaren finn du her flotte teppe med bakkesøte på elvebreddane.

Fylg merking på nordsida av Tvørrån og du kjem på stigen inn i Hestebøtten. Den fyrste kilometeren stig terrenget ca. 120 høgdemeter, men flatar ut innover moreneryggar og småmyrar med frodig og variert fjellvegetasjon. Etter ca. 1½ - 2 timars gonge er du inne ved det idylliske og populære fiskevatnet Hestebøttjednet. I vesle vika ved utløpet her veks det mykje fjellpesterot, ei uvanleg plante i Vang. Frå utløpet av tjednet tek du mot nordaust, ikkje stig, og går rakt oppover Gravarskaret, ca. 470 høgdemeter, på vegetasjonstunger som går nesten heilt opp. Siste delen går i ur. Eit stykke opp frå tjednet ligg ei tuft, og øvst i skaret, på ca. 1700 moh., ligg eit fangstanlegg for rein med lange ledegjerde, 6 bøgahi og 4 graver. Herav namnet Gravarskaret, som tidlegare vart kalla Gravskaret. Anlegget har vore større og har dekt heile søkket, men noko er tært bort av ”tidens tann”, mellom anna av ras. Hestebøtten var tidlegare, både i eldre og nyare tid, kjent som ypparleg terreng for villreinjakt. Oppe i skaret kan du anten ta oppover til høgre til utsiktpunktet på Klanten (1769 moh.), eller om du vil på høgste toppen og sjå utover Hestebøtten, må du ta mot vest (venstre).

Alternativ rute (opp eller ned) kan vera:
1. Frå Njukestølen og opp Trøngebytta. Gangtid opp: ca. 3 t. Tur-retur 5-7 t.
Parker og gå vegen nedover til nedlagt grustak nede ved Smådøla. No er du midt i det gjevaste av Smådaladn naturreservat. Du kryssar Smådøla ca. 50 m ovafor der Smådøla og åne frå Trøngebytta møtest.

Er det stor vassføring i Smådøla, er det nok best å ta av seg på beina og vasse, men er åne lita, kan ein hoppe på steinane. På andre sida av ån, med ein gong du kjem opp på den turre morenekanten, bør du sjå opp til høgre. På ein morenerygg, litt over 100 m unna, der det lyser grønt i fjellmarikåpe, ligg tomta etter støgun henne Finne-Lussi.

Ta leia innover Trøngebytta. Bekkedalen er både bratt og steinut, stigen er lite synleg, men det er lett å finne fram. Utsikta blir finare og finare til høgre du kjem. Etter kvart blir det mykje ur, spesielt når du går ut av fyllittdekket ca. 1240 moh. Når det faltar ut ca. 1660 moh, har du ein tur i stein og ur på ca. 3 km før du kjem til Klanten, med panoramautsikt! På toppen finn me mykje blokkmark med forskjellig utforming. På sume plassar har den kontinuerlige prosessen med frost og opptining, sortert steinen i eit karakteristisk mønster som kallast polygonmark. Elles er det overraskande lett og fint å gå her på den 1700 millionar år gamle granitten.

2. Frå Munin ytst i Hestebøtte. Noko brattare, men stuttare er turen opp søraust-spissen, frå Munin og rett opp på Klanten. Nokre bratte parti har ein del laus stein, men det er heilt ufarleg dersom ein ser seg for. Ingen av dei alternative rutene er merka, men i det opne landskapet er det ikkje vanskeleg å finne veg og lei.

Thor Østbye
Thor Østbye

Likte du Rankonøse ? Finn opplevelser i nærheten.

Ranastønge

6 - 8 t

7.6 km

Jørungilknappen

2 - 4 t

6.7 km

Stølsvegen Helin - Smådalen

2.5 - 3.5 t

8.1 km

Padletur på Helin

2 - 4 t

12.3 km