Fugleberg - Steinsvoll

Vandring 0.2 - 0.5 t 3.1 km

Denne turstigen opp til Fugleberg vart mykje nytta i dei åra Grindaheim hotell hadde faste feriegjester. På midten av 30-talet tok ein av dei faste gjestene på Grindaheim, professor Bye, initiativ til rydding av stigen opp til Fugleberg, og det vart sett opp flaggstong og kvilebenk med bord. Stigen gjekk etter dette under namnet ”Bye-stigen”.

Stigen er godt merka, og skulle vera ein svært attraktiv tur for både bygdafolk og turistar som ynskjer å stoppe litt og ta bygda nøyare i augesyn frå eit fint utsiktspunkt.

Turen startar ved skilt på oversida av vegen rett overfor Kommunehuset. Der byrjar Bøkkegøta som var ferdselsåre, og krøterveg når prestegardsforpaktaren skulle ha bølingen på beite. Etter å ha kryssa Ellingbøvegen, fylg skilt ”Tursti”. Gå vegen gjennom det gamle tunet i Nordigarde Ellingbø. Etter ca. 200 m er det ein liten p-plass for den som vil køyre opp hit. Fylg traktorvegen vidare nokre meter til ca. 30 m før pumpehuset til Vang kommune. Ta opp til høgre, over gjerdeklyv, og vidare oppover og gjennom ”Presthagin” som var kulturbeita til Prestegarden. Det er berre å fylgja merkinga. Snart er du inne på traktorveg som fører deg oppover eit stykke før du igjen tek til høgre inn i ein skogkrull og snart er du framme der den gamle flaggstonga framleis står. Fylg skilt ”Til utsiktspunkt” og her møter det deg panoramautsyn over Vangssøkne, Vangsmjøse og alle majestetiske fjell omkring.

Ca. 50 m vest for utsiktspunktet på Fugleberg går Haugavegen, som er ein gamal stølsveg. Her kan du gjera som feriegjestene gjorde, gå vidare til Steinsvollstølen (1,2 km). Men det er ikkje same service der no som då Nils Steinsvoll tok imot gjestene med eit glas heimelaga vin. Det var da det, og itte nå! Men det er ein fin plass og eit triveleg endepunkt på turen.

Nedturen kan gå langs same leia som du kom opp, eller du kan gå stølsvegen, litt vest for Haugavegen, ned til Ellingbøvegen ovafor Steinsvoll (2,4 km) og attende til utgangspunktet. Eller du går Haugavegen ned til Ellingbøvegen. Eit fjerde alternativ er å gå ny skogsbilveg austover til Helinvegen og ta den ned att.

Dette er fine rundturar.

Likte du Fugleberg - Steinsvoll? Finn opplevelser i nærheten.

Vangsmjøsa rundt

2 - 5 t

44.3 km

Kongevegen til fots Vang - Lærdal

96 - 120 t

107.1 km

Vangsteinen

Makelaus bildestein