Langs Ala Vandring

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destination Vang
  • Season januar–desember
  • Difficulty Lett
  • Distance 5.9 kilometer
  • Elevation 170 meter
  • Duration 1 timer

Legg i favoritter

Om Langs Ala

Køyr til parkeringsplassen ved Ala rett ned for Hugastøle. Det er no rydda oppatt to velbrukte stigar med liten stigning til Langehage ved Syndin, ein på kvar side av Ala. Du kan difor gå opp den eine og nedatt den andre, så får du ein rundtur. Stigane går for det meste gjennom frodig fjellbjørkeskog og passerer mange idylliske plassar langs ån. På forsommaren lyser store teppe med gul fjellfiol langs stigane. Dette er også eit fint elg-terreng, og du kan treffe på fugleartar som bjørkefink, gulerle, blåstrupe, raudstjert, sivsporv, gluttsnipe, strandsnipe og fleire trosteartar. Og skulle du ha ynskje om det, kan du prøve fiskelykka i Alun (dativ av Ala).

Eg vel å gå oppover på vestsida av ån. Frå parkeringsplassen fylg merking mot Hugakølle til Øyloselet. Der viser skilt til ”Langehage”.

Langehage er ei triveleg stølsgrend ved osen der Ala renn ut frå Syndin. Her på Langehage har du fleire val. Du kan t.d. gå eit stykke på vegen som går sørvestover langs Syndin. Det er ei veldig fin strandline med rasteplassar og badeplassar der det måtte passe. Ved å fylgja vegen vidare mot Kelken, kan du koma inn på stigar som fører til Gilafjellet og Helin. Eller du kan gå stølsvegen, (Syndisvegen) ned til Vang.

Men, me skal vel over på andre sida av elva. Du steingår Ala i ose. For å få ein noko lenger tur, kan du gå sørover langs austsida av Nørre Syndin i retning Kviissyndin, og ta rundturen om Langefønnkampen attende mot Langehage, før du tek fatt på siste etappe nedatt mot Hugastøle.

Det er lett å koma seg over åne øvst i osen. Sjølv ved stor vassføring kjem ein over med vanlege langstøvlar. Alternativ kan vera å  hoppe på steinane eller ta av seg på beina og vasse over. Her i ose kan du sjå restar etter sløgard.

Når du no fylgjer stigen nedover mot utgangspunktet, vil du langt nede koma til nokre fine sandsletter (på Sando) ved Ala der det er fint å bade. Du kan herfrå gå vidare nedover langs Ala, eller du kan gå rydda og merka stig frå Sando mot Tørpestølen/Røgnstølen, sjå skilt, ca. ½ t. å gå. Herfrå kan du anten gå søraustover til Tveitastølo og ned til Tumleøygarden , eller vestover stølsvegen attende til p-plassen ved Ala.

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen

Langs Ala kart