Sørre Hemsig - Herredalen - Langetjedn - Yksendalsbue Vandring

  • Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: juni–november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 27.3 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 1,420 meter
  • Varighet: 7–8 timer

Om Sørre Hemsig - Herredalen - Langetjedn - Yksendalsbue

Ca. 100 m. etter Hemsingbrue tek stigen av frå bilvegen og inn på gamal gøte som snart kjem utatt på veg som du går opp til Sørre Hemsing. Denne gamle, trivelege garden med overnattingstilbod i gamle hus og eit fyrsteklasses kjøken, ligg nett der den gamle gøta tek til og går rett oppover bygde og til fjells. Gøta tek deg opp gjennom gardane i grenda og er ein særs triveleg veg kor første etappe er heimestølane i Rysndalen. Leia innover dalen går på sørsida åt ån til du kjem litt innanfor brua ved Hellestølen. Herfrå fylgjer du arbeidd stølsveg innover Herredalen. Litt før stølane i Nørre Herredale passerer du ”Stupulen”. Hald fram til vegen stoppar ved Rysna, og gå opp mot Rysntjednet. Der går leia vidare vestover i steinut terreng på sørsida av tjednet og kryssar stølsvegen til Kvithaug like før turisthytta ved Langetjedn, Tomashelleren, som blir ferdig i 2002. Nå følgjer en særs fin og variert etappe langs T-merka stig vest for Remmiskinntjednet og fram til Nedre Dingledalstjednet. Vidare nedover til eidet mellom Olefjorden og Yksnin På andre sida held du deg langs bredden av Yksnin et par hundre meter, før du skrår i nordleg lei oppover turrbakkar og bakkemyrar (hallande myrar) til du etter kvart kjem inn på den T-merka stigen Bygdin - Yksendalsbue - Eidsbugarden, og fylgjer denne i hallande terreng ned til dei to buene.

Kart

Save and share

Se flere populære opplevelser

Kvitskartinden
Vang

Vandring 7.8 km · 5 – 7 t

Torfinnstinden
Vang

Vandring 2.6 km · 5 – 6 t

Torfinnsbu - Gjendebu
Vang

Vandring 14 km · 4 – 5 t

Svartdalen
Jotunheimen

Vandring 14 km · 5 – 6 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt