Sandalen - Ole Vandring

  • Sandalstølen ligg nydeleg til.

    Sandalstølen ligg nydeleg til. Foto: Dag Nordsveen

  • Kyrne på veg inn til mjølking. Stølsvegen til Kvithaug går opp lia bak stølshusa.

    Kyrne på veg inn til mjølking. Stølsvegen til Kvithaug går opp lia bak stølshusa. Foto: Thor Østbye

  • Søover frå Geitskinntjednet ligg snøen lenge-

    Søover frå Geitskinntjednet ligg snøen lenge- Foto: Dag Nordsveen

  • Flott lettgått terreng ned mot Sandalen

    Flott lettgått terreng ned mot Sandalen Foto: Dag Nordsveen

  • Kjekt med støler hvor det fortsatt er dyr

    Kjekt med støler hvor det fortsatt er dyr Foto: Dag Nordsveen

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: januar–november
  • Vanskelighetsgrad: Krevende
  • Lengde: 18.5 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 710 meter
  • Varighet: 6–7 timer

Om Sandalen - Ole

Dette er litt av ein tur, fantastisk fin, men lang. Dette var stølsvegen til vennisane som støla på Kvithaug og på Ondale. Denne turen gjekk karane kvar helg gjennom stølssommaren for å sjå til kjæring og ungar, og for å kløvja heimatt ost og smør (budråtten).

Eg vil føreslå at du ordnar deg med bilskyss inn til stølane på Sandale. Gå til enden av vegen gjennom stølslaget. Den gamle stølsvegen startar på nordsida av stølshusa, sjå etter kvite V’ar. Du har ei lang stigning framfor deg. Men når den er unnagjord, er du komen høgt til fjells og du har lett lei vidare. Du passerer vest for Geitskinntjednet og kjem opp i Høgegge, til det høgste punktet på vegen, 1580 moh. Der ser du den bratte Tomashellaren (1626 moh.) litt til høgre framfor deg, og utsynet mot tinderekka i Jotunheimen opnar seg. Ein kan verkeleg lure på korleis dei fekk med seg kyr, og endå til grisar, over desse ville steinurene. Nei, dette er meir terreng for reinsdyr, og sjansane for å treffe småflokkar på turen over fjellet er stor. Og her er spor etter tidlegare reinsjakt, for nokre meter før høgste punktet ligg 2 bøgahi heilt inntil stigen der det er smalast.

Ein alternativ tur for sume kan vera å gå nedatt til Herredalen. Då kan du anten gå langs nordsida på Geitskinntjednet og over høgdedraget til venstre litt forbi tjednet. Då ser du rett ned i Herredalen. Eller du går fram til DNT-stigen sørvest for Tomashellaren, der ein Tomas skal ha mist livet, og fylgjer denne austover sør for Rysntjedn og ned i Herredalen (og kanskje til ventande bil?).

Me vandrar vidare nedover mot Kvithaug. Men før du kjem dit, har du ei triveleg vandring framfor deg. Det er jamn, fin unnabakke nesten heile vegen. Dei store flatene her er ein mosaikk av stein/ur og mosedekte flater med musøyro, stivstørr, trefingerurt, issoleie og litt dvergsoleie, og er du heldig ser du ein og annan boltit og kull med fjellrype. Søraust for Tomashellaren kryssar du den T-marka stigen, som går ned til Turisthytta ved Langetjedn, 1480 moh. Aust for Remmiskinntjednet kryssar du ei grøft der vatnet frå Rysntjednet kjem ut etter reguleringa i 1963. Lukehuset (brakka) står lenger oppe i dalsida, og steinfyllinga i strandkanten kjem frå tunnelarbeidet her. Men greier du fleire motbakkar, og er interessert i bøgahi, kan du ta ein avstikkar på ca. 200 høgdemeter frå Remmiskinntjednet opp på Trøllfønnegge for å sjå på eit større anlegg med bøgahi som ligg på ei nordvendt flate på ca. 1640 moh. Vidare frå  Remmiskinntjednet passerer du Høljinøse og Tvørrdingletjednet. Like før stølane kjem du ned på nokre fine flater som er gamal stølsvoll. Her på Skjetnisstøle sto to stølar som brann ned samstundes rundt 1780-1790. Murane etter dei kan du framleis sjå inne i eineren til venstre for fjerde merkestikke når du kjem ned i vierbeltet, rett etter passering av ein bekk. Og endeleg er du nede på den fine stølen Kvithaug. Av forståelege grunnar er det ikkje stølsdrift her lenger, den tok slutt i 1962-63, men stølshusa blir haldne godt ved like, for her som andre stader er folk glade i stølane sine. Namnet Kvithaug skal koma av at det, i alle fall før i tida, var så mykje kvit mose på haugane vest for der stølane ligg. I gamle dagar var det mykje haugafolk (underjordiske) på Kvithaug.

Det er diverre ingen som driv med båttrafikk på Olefjorde (1005 moh.), difor blir det å stole på ”apostelhestane” på turen vidare austover på tidvis godt opptråkka og merka stig langs Olefjorde til Ole (ca. 1½ t.). Lurer du på kva slag småfuglar som pilar rundt i kratt og lyng, så kan det vera både sivsporv, heipiplerke, lauvsongar, steinskvett (steindulp) eller ”fjellets nattergal” den fargerike blåstrupa. Over myrane på Sendo er det sett opp stikkar. Tek du deg ein kvil på vegen, kan du kike tvers over fjorden til den odden som stikk ut i fjorden aust for Buarberget. Der, på Ondale, låg det to stølar, før Olefjorden vart regulert opp med 13 m i 1952. Når ein ror over der, kan ein skimte grunnmurane djupt nede i vatnet. Det var her han Knut Sparstad enda sine dagar seinhaustes i 1913.

Så håpar eg du har ordna deg med bilskyss frå demningen i Ole.

På Høgegge (høgste punkt på DNT-stigen mellom Sanddalen og Kvithaug) har Vang Turlag ei turbok for «Turtrimmen 2017-2019».

Kart

Lagre og del

Tilbakemelding

Se flere populære opplevelser

Ole - Yksendalsbue

Vang

Vandring 13.1 km · 3 – 6 t

Fleinsendin

Vang

Vandring 5.7 km · 2.5 – 3.5 t

Vegabekken

Vang

Vandring 5.1 km · 1 – 2 t

Padletur på Bygdin

Valdres

Padling 17.3 km

Sist oppdatert:

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt