Mjellknapp Vandring

  • Frå toppunktet mot 2000 metre i Jotunheimen. Uranostind lengst venstre. Torfinnstindane til høgre.

    Frå toppunktet mot 2000 metre i Jotunheimen. Uranostind lengst venstre. Torfinnstindane til høgre. Foto: Thor Østbye

  • Reinsgrav ved Tjørobytta

    Reinsgrav ved Tjørobytta Foto: Thor Østbye

  • Utsyn østover med Slettefjellet rett bak.

    Utsyn østover med Slettefjellet rett bak. Foto: Thor Østbye

  • Mjellknapp er ein fin skitopp.

    Mjellknapp er ein fin skitopp. Foto: Dag Nordsveen

  • Mjellknapp frå Gilen.

    Mjellknapp frå Gilen. Foto: Dag Nordsveen

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: juni–november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 4.2 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 750 meter
  • Varighet: 2–3 timer

Om Mjellknapp

Skulle du ha lyst på ein variert og litt spesiell tur, kan ei vandring til Mjellknapps topp absolutt vera noko for deg. På eit par timars tid har du fått med deg vierlandskapet, den ”mystiske” Tjørobytta, dyregrav, og ufarleg klatring i steinur. 1,5 km ovafor Slettefjellbommen, tek du av til venstre innover mot Herredale og kjøyrer til du har passert eit steinbrot på høgre hand (1020 moh). Du parkerer. Til fots kryssar du Rysna på gangbru. Når du har passert ”vierlandskapet”, der du kan treffe både gauk, sivsporv, lappsporv og blåstrupe, tek oppstigninga til for alvor. Stigen går i fine slyng langs bekk og over svaberg. Fylgjer du bekken, kan du ikkje bomme på det trolske tjednet Tjørobytta. Ved osen der er det ein triveleg rasteplass. Går du i sørleg retning langs tjednet nokre meter, finn du ei fin dyregrav med ledegjerde. I kveldinga ein gong eg var på saueleiting her, fekk eg god forklåring på dette merkelege namnet Tjørobytta som eg hadde studert mykje på. Eg stod ved dyregrava og såg ned i vatnet. Den loddrette, blåsvarte fjellveggen bak spegla seg i tjednet. Då skjønte eg med eitt kvifor vatnet er svart og har fått dette namnet. Men du skal vel vidare? Etter kvart blir det samanhangande ur opp til toppen. Der får du løn for strevet i form av ei fantastisk utsikt mot Slettefjellet, utover Slidrebygdene og innover Jotunheimen. Vil du ha litt lengre tur og meir oppleving, kan du frå toppen gå i sørleg retning mot Møsåkerkampen, 1740 moh (ikkje merka), til du kjem ned i eit dalsøkk og ser rett ned på to små tjedn 1374 moh. Der må du sjølv finne fram til høveleg og ufarleg lei nedover. I området på nordsida av det nørdste tjednet ligg ei dyregrav som er like fin som då ho var i bruk. Ein lengre rundtur kan vera over Møsåkerkampen, og ned spissen på austsida og så ta leia mot Hensåne. Om du no vil, kan du gå ned mot Tjørobytta og fylgje den merka stigen, eller du kan spara deg den svingen og i staden gå rett nedover Hensfjellet og finna din eigen stig ned til bilen. Eg må også nemne at når du står på toppen av Mjellknapp, ser du toppen av Vennisfjellet (1776 moh.) rett i vest. Leia innover til Vennisfjellet er lett og fin (ca. 3 km), og kan absolutt tilrådast.

Kart

Lagre og del

Tilbakemelding

Se flere populære opplevelser

Vennisfjellet
Vang

Vandring 26.3 km · 4 – 6 t

Bøgahi Skræmetindane
Valdres

Kulturminner 2.9 km · 2.5 – 3 t

Stølsvegen over Slettefjellet
Vang

Vandring 4.4 km · 1.5 – 2 t

Kvenadn - Rysndalen
Vang

Vandring 6.4 km · 1.5 – 2 t

Sist oppdatert:

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt