Bitihødn Vandring

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Dag Nordsveen

  • Foto: Dag Nordsveen

  • Foto: Dag Nordsveen

Viktig informasjon

  • Destination Vang
  • Season januar–desember
  • Difficulty Vanskelig
  • Distance 3.2 kilometer
  • Elevation 550 meter
  • Duration 2–3 timer

Legg i favoritter

Om Bitihødn

Bitihødn er ein karakteristisk topp med flott ytsyn. Den kan ”angripast” frå fleire kantar. Den mest brukte leia startar ca. 1 km sør for Bygdin hotell. Der er det stor parkeringsplass ved Stavtjednet. Fylg merka stig mot Yksendalsbue ca. 1 km til stigkryss der du tek til venstre og svingar mot sør og oppover på godt opptråkka stig til toppen. Lett og grei oppstigning med stadig finare utsikt innover Jotunheimen.

For ein frå Vang bør ein heller ta turen frå Sleipestølen i nordenden av Fleinsendin. Frå stølane på austsida av brua går du umerka lei rett austover skråninga på sørsida av Skyrifjell, forbi Kvetjednet og vidare til Velumskaret. På sørsida av Kvetjednet, ved eit sva som går ut i vatnet, ligg ei attfylt reinsgrav med lange ledegjerde. Leia vidare mot toppen er grei. Til nedtur kan du anten gå same leia attende til Sleipestølen, eller velja ein rundtur på nordsida av Skjervebottjednet, over Skyrifjellet til Velumskaret og ned til Sleipestølen.

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen

Bitihødn kart