Bygdin - Torfinnsbu Vandring

  • Vandring langs Bygdin.

    Vandring langs Bygdin. Foto: Lars Østbye Hemsing

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: juni–november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 13.9 kilometer (A til B)
  • Stigning: 260 meter
  • Varighet: 2.5–3 timer

Om Bygdin - Torfinnsbu

Gå vegen langs stranda til ca. 200 m forbi Bygdisheim. Fleire steinalderbuplassar ligg langs vegen, og ved Bygdisheim er det gjort gravfunn som daterer seg til 600-800 e.Kr. Nokre meter før skiltet til ”Torfinnsbu” ligg ei tuft rett ned for vegen, og ca. 20 m ovafor vegen i eit einerkratt ligg endå ei. Her låg gamle Kungslistølen som vart fråflytt i 1854 pga. vedmangel. Fylg skilt til Torfinnsbu. I stigkrysset, etter ca. 400 m, ta ned til venstre. Stigen til høgre, vidare oppover går til Valdresflye, eller du kan gå nedatt Heimre Fagerdalen attende til Fagerstrand.

Stigen vidare langs stranda er for det meste turr og fin med enkelte våte parti. Snart passerer du tre fiskebuer på oversida av stigen. Desse var tidlegare stølar og tilhøyrde gardar i Tørpegardadn og Liagardadn i Vang som har sameige her. Over åne Breiløypa er det bru, og etter noko over to timars gonge er du i stigkrysset ved Dyrnesøddin. Her kjem du inn på T-merka stig som kjem frå Vandrerhjemmet på Valdresflye. Du går vidare forbi Hestevølladn, der det står ei fiskebu som Møsåker og Remmisgardadn i Vang eig. Her var det tidlegare felæger, og tyskarane hadde eit stort ”anlegg” her under krigen. Stigen fylgjer vidare stranda fram til Torfinnsbu der me passerer Torfinnsdøla på bru. Turen langs Bygdin er ein lett og triveleg tur, og kanskje passerer ”Bygdins hvite svane” på dei blå bylgjer medan du vinkar til båtfolket frå stranda.

Før Torfinnsbu vart bydg, lå det ei bu ca 1 km lenger vest kalt Nubu. Den var fyrst ei jaktbu av stein. I 1867 vart ei tømmerhytte sett opp for fegjetarar, og frå 1870 vart turistar tekne imot her. I dag ser me tuftene etter steinbue nokre meter søraust for dagens fiskebu som tilhøyrer grunneigarar på Vennis.

Den eldste delen av Torfinnsbu er frå 1905.

Kart

Lagre og del

Se flere populære opplevelser

Torfinnsbu - Gjendebu
Vang

Vandring 14 km · 4 – 5 t

Svartdalen
Jotunheimen

Vandring 14 km · 5 – 6 t

Torfinnstindane, austre
Jotunheimen

Vandring 3 km · 5 – 6 t

Kvitskartinden
Vang

Vandring 7.8 km · 5 – 7 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt