Kælvehøgde Skitur

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • januar – desember
  • Ekspert
  • 11.9 kilometer
  • 1,170 meter
  • 10 – 12 timer

Om Kælvehøgde

Køyr riksveg 51 mot Valdresflye til det høgste punktet på vegen, ved Vandrerhjemmet ca. 1390 moh. Rasletinden er ein ”lett” 2000 m topp, og er eit populært turmål. Er veret flott og kondisen god, skulle eg tru freistinga er stor for å dra vidare vestover Kælvehøgdidn så langt tid og krefter rekk. Munken (2100 moh), Øystre Kælvehøgde og Vestre Kælvehøgde er utsiktspunkt som du sjeldan finn maken til. Vestre Kælvehøgde (2208 moh.) er det høgste punktet i Valdres.

Frå vegen over ”Flye” opnar etter vinterstenging, er Rasletinden og fjellområda omkring svært attraktive for skigåarar til langt ut i juni. Er det Rasletinden som er målet, tek du nordvestover forbi Fisketjedne og inn i Steindalen omtrent ved høgde 1550 moh. Du kan gå sørvestover oppover Steindalen og bratt opp den vesle brearmen som ligg sør for topp 2010 og derfrå slakt opp på Rasletinden mot sørvest. I staden for å gå opp brearmen, kan du gå over Raslet og opp sørhellinga 600-700 m vest for tjedn 1798 moh, derfrå mot nordaust til toppen. Eller: Gå tvers over Steindalen mot nordvest og opp bratt skråning. Vel oppe fylgjer du ryggen sørvestover til topp 2010 moh. Her ”møtest” kommunane Vågå, Øystre Slidre og Vang.

For å få mest mogleg samanhengande ak nedatt frå Kælvehøgdidn og Munken, kan me føreslå at du passerer punkt 2088 moh. på sørsida, tek skrått nedover mot punkt 1844 moh. Herfrå kan du gå over Raslet, men tek du på skrå nedover på sørsida av Raslet, kan du sjølv bestemme kor bratt unnabakke du vil ha, og rasjonerer du med høgda, kan du aka ned på flatene vest for Vandrerhjemmet.

Fottur: Om sumaren går du på sørsida av Fisketjedne. Ta leia mot nordvest og passer Steindalen. Ryggen er svakt varda heilt opp, den er noko bratt, men heilt ufarleg å gå, og du kjem opp litt nord for varden på topp 2010 moh. D fylgjer høgdedraget sørover, forbi eller over topp 2010 moh. og vidare vestover til Rasletinden.

På turen oppover kan du t.d. finne fjellsmelle, fjelltjøreblom, musøyra, mogop og issoleie.

Frå Rasletinden er det fint å gå vidare vestover til Kælvehøgdidn. Fylg høgdedraget til topp 2088 moh. og ryggen nordaustover til topp 2159 moh. Vidare går du mot sørvest langs stupet mot den mektige og imponerande Leirungsdalen med Leirungsbreen. Hald deg eit stykke inne på kanten. Rett før Øystre Kælvehøgde er det stup fleire hundre meter ned mot Leirungsbreen. Gå vidare parallelt med stupkanten til Vestre Kælvehøgde. Denne turen blir ein stri dagstur med mykje gåing i ur, og med mange luftige, men ufarlege utsiktspunkt, og du får oppleva noko av det mest storslagne og mektige som fjellheimen har å by på. Det ville vera dårleg gjort å ikkje tilrå ein rusletur ut på Munken (2100 moh.), lett og ufarleg, men med stupbratte fjellsider og juv til alle kantar.

Turen attende kan leggjast sør for Rasletinden. Gå ned i søkket mellom topp 2088 moh og Rasletinden, vest for tjedn 1798 moh. (lett å gå på snøfennene), så over Raslet og mot Steindale der de kom opp. Eller over ein liten bre sør for tjedn 1798 moh. og nedover langs austsida av Øystre Repefønnbekken til høgde 1360-1380 moh. Her går fleire parallelle stigar i flatt terreng mot nordaust som fører attende til Vandrerhjemmet