Fondsbu - Olavsbu Vandring

  • Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon Vang
  • Sesong juni–november
  • Vanskelighetsgrad Vanskelig
  • Lengde 13.2 kilometer
  • Høyde 780 meter
  • Varighet 6–8 timer

Legg i favoritter

Om Fondsbu - Olavsbu

Turen startar bak hotellet og går forbi Vinjebue. Rett etter brua over Mjølkedøla (mjølke betyr ”kvit av leire”) tek du vegen til venstre (mot nordvest), skilta ”Olavsbu/Skogadalsbøen”. Stigen går i jamn stigning oppover langs Mjøledøla, men på ca. 1300 moh går han ned på ei lita flate som strekkjer seg mot sør, og ca. 60 m midt utpå flata der to moreneryggar møtest i ei V-form, ligg ei reinsgrav med lange ledegjerde. Også 250-300 m lengre vest, på ein morenerygg like inntil Mjølkedøla, ligg 4 reinsgraver. Stigen kryp vidare opp til Store Mjølkedalsvatnet (1340 moh.) med flott utsyn mot Mjølkedalsbreen, Mjølkedalspiggen/Sage, Langeskavltinden, Mjølkedalstinden og Storegut, som Vinje har sett namn på. Her byrjar Jotunheimen Nasjonalpark. Frå nordsida av Høgbrothøgde går stigen i kupert terreng, delvis gjennom område med ur, og over ei og anna snøflate fram til den sjølvbetjente Turisthytta Olavsbu (1440 moh).

Se flere populære opplevelser

Sokse
Jotunheimen

Skitur 7.5 km · 7 – 10 t

Kyrkja
Jotunheimen

Vandring 4 km · 3.5 – 5.5 t

Fondsbu - Gjendebu - Torfinnsbu
Vang

Vandring 29.6 km · 7 – 9 t

Utsikten på ski
Jotunheimen

Skitur 3.3 km · 2 – 2.5 t

Fondsbu - Olavsbu kart