Over Kviven Vandring

  • Foto: Live Andrea Sulheim

  • Foto: Live Andrea Sulheim

  • Foto: Live Andrea Sulheim

  • Foto: Live Andrea Sulheim

  • Foto: Live Andrea Sulheim

Viktig informasjon

  • Season januar–desember
  • Difficulty Medium
  • Distance 12.2 kilometer
  • Elevation 940 meter
  • Duration 6–7 timer

Legg i favoritter

Om Over Kviven

Kviven symboliserer draumen om eit enkelt og raskt samband mellom Volda og Hornindal. Frå gammalt har denne overgangen vore ein mykje nytta ferdselsveg. Du vil erfare korleis kommunikasjonen mellom bygdene var for rundt 150 år sidan. Den mest interessante delen av overgangen frå "Kvivsdalen" til Hornindal finn du mellom "Kvivsdalsetra" og "Lillestølsetra". Ein går i eit variert landskap med reinskurde svaberg langs "Kvivsvatnet" (679 moh).

Sjølve overgangen er middels tung, i overkant av 6 km lang, med ein skilnad på over 500 høgdemeter. Ein reknar 2-3 timar fram til "Kvivsskaret, der ein har utgangspunkt for lunchplass. Herfra er det mulig å ta turen til toppunktet "Kviven" (1027 moh).

I 1981-82 vart det bygd veg til Kvivsdalsetra i samband med at det vart dyrka om lag 90 mål grasmark der. Denne vegen er ein god jordbruksveg med tilkomst heilt fram til Kvivsdalsetra (bomveg).

Frå juni til september/oktober tilbyr profesjonelle Norske Naturguider å ta deg med på denne opplevinga med formidling om tidlegare tider, naturmangfoldet og andre spennande historier frå området. Kanskje ventar det også ei lita smakfull overrasking på turen.

Ta kontakt for nærare informasjon:
+47 45 80 50 30 / post@destinate.no eller via "Send forespørsel"

Pris fra 1490 NOK per person

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen

Over Kviven kart