Viafjellet Vandring
Flottaste utsikta over Førde
Viktig informasjon
- Destinasjon: Sunnfjord
- Sesong: mars-november
- Vanskelighetsgrad: Middels
- Lengde: 3.2 kilometer (tur/retur)
- Stigning: 540 meter
- Varighet: 1.5-2.5 timer
Om Viafjellet
Viafjellet er det fjellet i Førde med flottast utsikt over byen og naturen rundt. Her er det nydeleg å sjå solnedgangen før ein vandrar ned. Du treng ikkje vere i god form for å fullføre turen, men det er nokon bratte parti på stien. Dette er generelt ein våt sti og godt fottøy anbefalast. Det er ein svært populær sti blant dei lokale og blir nytta på alle årstider.
Veibeskrivelse
Kjem du på E39, følgjer du skilting mot Vie. Du tek deretter av opp i Vieåsen og følgjer vegen til du kjem til ei fotballbane. Der tek du til høgre og følgjer vegen til den tek slutt. Der kan du parkere. Stien ligg rett ved parkering. Det er begrensa parkering der, så om det er fullt kan du returnere til fotballbane og parkere der. Rett ovanfor bana går det ein grusveg som fører til stien.
Turbeskrivelse
Stien er godt markert heile vegen opp og enkel å følgje. Eit stykkeoppover kjem du til eit utsiktspunkt med ei hytte som er open for alle. Her kan du ete lunsj eller lese ein av mange bøker som ligger i hytta før du vandrar vidare. Du følgjer same vegen ned.
Faktaopplysninger
- Ta med vatn, det er få moglegheiter til å fylle undervegs.
- Mobildekning heile turen
Fasiliteter
- Litt oppe i fjellet ligger det ei dagsturhytte som er open for alle. Der er det diverse bøker som du kan lese, men du kan ikkje låne dei med deg.
Gratis parkering
Overnattingsmuligheter
Det er moglegheit for å slå opp camp og overnatte på toppen av fjellet om dette er ønskeleg. I Førde er det mange overnattingsmoglegheiter, blant anna Thon Hotel Førde, Førde Gjestehus og Camping og Førde pensjonat.
Kart
Questions or comments? Let us know.
Av Matilde Ulleland Kvammen
This is the world through my eyes.
Se flere populære opplevelser
Sist oppdatert: