Slåttemyradn Kulturminner

  • Foto: Katharina Sparstad

  • Foto: Øystre Slidre kommune

  • Foto: Ulf Ullring

  • Foto: Øystre Slidre kommune

Viktig informasjon

  • Destination Valdres
  • Season januar–desember

Legg i favoritter

Om Slåttemyradn

Dette store myrområdet her søraust for Beitostølen, var i gamal tid slåtteland for gardane Okshovd og Hedalen med alle bruk og husmannsplassar. Her hausta bøndene fór som dei trong til livberging for sine dyr.

Intill om lag 100 år var det vanlig å nytta alle tilgjengelege for ressursar i utmarka. Alle utslåttar og heimebakker så heilt fram til veksten hausten sette ein stoppar for veksten. For vart stakka eller lagt i løer og kjørd heim på vinteren. Ved Tvillingløo var det slått for to karar i to dagar, og då laga dei 5-6 lass med høy. På Myrslåtten her held fram til slutten av 1920-åra, men plassen Kleiven fikk nytte slåtten der etter den tid. Etter krigen vart det for godt slutt med myrslåtten. Kultureng, nydyrking og maskinell drift hadde no gjort ’myreslåtto’ overflødig.

På Slåttemyradn der du no er, men og på Skutemyre lengst i søraust, kan ein framleis sjå spor etter myrslåttebruket. Dei gamle teigane er framleis lite tilgrodd med busker og trær, og ofte kan ein sjå, særleg med haustfargar på graset, grensar mellom slåtteteigar og anna mark. Den regelmessige slåtten har skapt eit særeige vegetasjonsdekke med fleire sjeldne arter ein eigen lågt vaksande underart av engmarihand. Denne orkideen blomstrar i byrjinga av juli. Andre karakteristiske artar på myra svartstorr, gulstorr, bleikstorr, tvebostorr, kornstorr, blankstorr, klubbestorr, duskmyrull, breiull, sveltull, myrkjegg.

Det låg ei rekke høyløer utover på myrane, oftast på fast mark i myrkanten eller på ein holme ute i myra. Ein kan framleis sjå spor etter mange av disse, men berre denne som er restaurert står der framleis, og minner saman med spora i myra om tida som var. Denne løa, eigd av garden. Midtre Hedalen, fekk namnet Tvillingløo, fordi den var delt i to omlag like store rom med inngang frå kvar si ende. Til vanleg var løene enkle og små lafta bygg med eit rom, og kvar gard kunne ha mange slike. Enkelte gav og rom for overnatting, som på Buahølmen.

Tilgjenge:
Til slåttemyrane kjem du ved å ta av frå FV 51 vest for Beitostølen Helsesportsenter om lag 150 nordover på Okshovdvegen og gå inn på myrane frå vest eller gå inn på myrane frå parkeringsplassen ved Beitostølen Helsesportssenter.
OBS –gå ikkje i opne myrområde og myrhol.

Verdt å vite:
Frå 1750 og vel hundre år fram auka folketalet sterkt, og ein måtte nytte alle tilgjengelege ressursar både på innmark og utmark. Til vanleg vart ikkje alle myrslåttar brukt kvart år. Dei dårlegaste trengte kvileår, og var meir ein ekstra ressurs som ein kunne nytte etter behov, til dømes i tørkeår når høyavlinga vart dårleg eller det vart lite halm etter skurden. Myrslåtten (’myreslåtto’) gjekk føre seg seint på sumaren, i slutten av august, etter stølsslåtten, men før ’finntopp-slåtten’ på skrinn fastmark. Den kunne gjerne vare i 2-3 dagar på kvar plass, og vart berre gjort med ljå og handrive. Utmarksslåtten var på sitt høgste rundt midten av 1800-talet, og frå omlag 1870 gjekk det gradvis attende, ettersom mange reiste til Amerika eller fant seg anna utkomme her til lands.

På garden Hedalen vart det sådd 6 gonger meir korn og fødd opp 5 gonger meir krøtter i 1865 enn 140 år tidlegare. I denne tidsperioden fekk vi dei fleste husmannsplassane. For å skaffe nok vinterfór slo dei på myrer og sletter der det vaks gras, la det i løer, for sidan å køyre det heim på vinterføre. På gardane med hest og slede- på husmannsplassane med skikjelke.




Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen

Slåttemyradn kart