Stølsvegen Vandring

  • Foto: Einar Arne Eriksen

Viktig informasjon

  • Destinasjon Ål
  • Sesong april–november
  • Vanskelighetsgrad Vanskelig
  • Lengde 3.9 kilometer
  • Høyde 530 meter
  • Varighet –2.5 timer

Legg i favoritter

Om Stølsvegen

Turen fylgjer den gamle stølsvegen frå Breiegrenda og opp Sangelia i bratt skogsterreng til Nystølen. Herfrå gikk stølsvegene vidare mot Rødungen, Halldalen eller Fetjastølsdalen.

Breiegrenda har historisk vært avhengig av stølsdrifta. Stølene låg langt til fjells. Bøndene har brukt stølsvegene til buføring og til transport av fôr og stølsprodukt heim frå stølane. Den største hindringen var å krysse Halligdalselva.

Turen opp lia startar der Tangebrua var i bruk i perioden 1900 til 1938. Tangebrua var truleg den fyrste brua i dette området. I tidlegare tider vart derfor kryssinga gjort med blant anna flåte. Brua var 90 m lang. Ved utløpet av Sundåne kan ein sjå restane etter det gamle sagbruket som opprinnelig blei etablert i 1799.

På strekningen frå Strandafjorden opp til Sangefjellvegen har det under rehabiliteringen vore nødvendig å legge stigen litt utanom den historiske ruta pga. kommuna' sitt deponi. Turen går vidare på Sangefjellvegen til rett forbi den gamle tjørefabrikken - Aal Tjørefabrik A/S.

Då Bergensbanen blei bygd i 1906/07 blei det laga ein undergang for stølsvegen ca. 50 m vest for Sundåne. Den var også adkomsten til tjørefabrikken som blei etablert ca. 1920. Drifta varte berre i snaue ti år før brann og vanskelege tider resulterte i konkurs. Ovnshus og infrastruktur er fjerna, men tjøreovnane blei tatt vare på i 2016/17. Her er det naturleg å ta ein stopp og bli kjent med lokalhistorie.

Turen vidare frå tjørefabrikken opp til Nystølen fylgjer den opprinnelige traseen opp lia. Den kryssar så vidt Sangefjellvegen ein gang til og gjennom mastgata. Før ein kjem opp til Nystølen ligg det ein steinkonstruksjon på venstre side. Ingen veit kva funksjon den har hatt.

Stølsvegen blei restaurert i 2016/17.

Se flere populære opplevelser

Sangefjell
Ål

Skitur 4.4 km

Sangenuten
Ål

Vandring 2.7 km · 2 – 3 t

Trøbergi
Ål

Vandring 1.2 km · 1 – 2 t

Nasakamben
Ål

Vandring 1.7 km · 1 – 2 t

Stølsvegen kart