Belgen stølslag Vandring

  • Foto: Oddvin Almenning/Vang Turlag

Viktig informasjon

  • Destination Vang
  • Season januar–desember
  • Difficulty Lett
  • Distance 3.9 kilometer
  • Elevation 40 meter
  • Duration 2–2.5 timer

Legg i favoritter

Om Belgen stølslag

Parker ved «Grindane»-parkeringa og følg stigen mot Grindane. Rett vest for Grindatjednet er det stigkryss og skilta mot Belgen. Hald eit stykkje ut opp mot høgre mot nokre småvardar når du nærmar deg myrene, då får du ein tørrare tur. 

På veg mot Belgen (1160 moh.) går du forbi kulturminner som hustufter og reinsgjerde. Ved Belgen passerar du fyrst tuftene av Steinsvollstølen og går så på øversida av den nyrestaurerte Øygardstølen fram til det vesle kalvefjøset litt vest for stølshuset. Her går det svak stig ned til nerre stølen, til Bø Uppigarden, der det er tufter og steingjerder etter tidlegare stølsdrift, og truleg også eldre gjerde frå fangst i gamal tid, så bruk augo! 

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen

Belgen stølslag kart