Steinstugu til Eivind Fredlaus Vandring

  • Steinstugu til Eivind

    Steinstugu til Eivind

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Ål
  • Sesong: april–november
  • Vanskelighetsgrad: Enkel
  • Lengde: 2.2 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 90 meter
  • Varighet: 1–2.5 timer

Om Steinstugu til Eivind Fredlaus

Følg fylkesvegen nokre meter vestover frå Leveld skule. Ta inn på Kvednavegen til venstre og gjennom bustadfeltet i Gunnarhaugen. Følg lysløypetraseen over Votna. Ta til venstre i krysset og følg løypa vidare rundt. Der løypa svingar nedover, går ein i staden om lag 200 meter oppover i vestleg retning. Følg raud merking til du kjem til steinstugu der Eivind Fredlaus budde når han var ned i bygda. 

Alternativ kan du parkere ved Leveld Kunstnartun og gå ned den gamle skogsbilvegen rett aust for kunstnartunet. Etter at du har gått brua over elva Votna kjem du inn på lysløype-traseen og følgjer den vestover til du kjem til steinstugu. 

Steinstugu er ei stor hole gøymt innimellom massive steinblokkar. Følg skiltinga for å kome inn i hola, eller kryp inn i ho ved å smyge deg under den eine steinblokken frå nedsida. 

Vidare er det tre alternativ: Anten gå attendte same vegen, halde fram heile lysløyperunden (2,5 km i alt), eller gå endå 100 m vestover mot skogsbilvegen, fylgje den over Votna, og gå fylkesvegen attende til der du har parkert. 

Adkomst: 

Køyr Fv. 244 til Leveld skule og start med å gå Kvednavegen gjenom bustadfeltet Gunnarhaugen. Alternativt køyr til parkeringsplasse rett vest for Leveld kunstnartun. 

Parkering: 

Ved Leveld skule eller ved Leveld Kunstnartun,

Km / moh: 

Ca. 2,5 km om du går turen som rundtur i lysløypa med utgangspunkt i Leveld skule.

681-740 moh.

Kart: 

Reineskarvet 1:50 000 eller tur/sykkelkart Ål/Gol/Hemsedal 1:60 000

Kart

Lagre og del

Tilbakemelding

Se flere populære opplevelser

Bleste
Ål

Vandring 2.9 km · 1.5 – 3 t

Buhovda
Ål

Vandring 2.9 km · 1 – 2 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt