Natur- og kulturstigen på Dalsida Kulturminner

  • Foto: Solveig Græsli

  • Foto: Marit Svanborg

Viktig informasjon

  • Destination Lesja
  • Season januar–desember

Legg i favoritter

Om Natur- og kulturstigen på Dalsida

Natur- og kulturstigen på Dalsida tek deg med på vandring gjennom ei rik naturfagleg og spennande kulturhistorie frå dette fjellområdet. Den syner korleis menneske og dyr har levd i samspel med omgjevnadene for å nytte naturressursane opp gjennom tidene. Dei eldste spora etter menneske her er 5500 år. I alt 27 informasjonstavler langs stigen fortel om geologien, planter og dyr, jakt og fangst, seterliv, vasskraft, gruvedrift og kulturminne av både ny og gamal dato.

Stigen går gjennom variert natur, i fjellskog, over myr og fjell, langs elver og vatn, på gamle seterveger og forbi gamle seterhus. Den kan gåast som ei runde på 10 km, eller delast opp i mindre etappar. Det er ein spenande tur for ungar, da det er mykje å oppdage undervegs. Stigen er godt skilta. Alle tavler har informasjon på norsk, engelsk og tysk. Gode fjellsko eller støvlar er å føretrekke av. Det er start og innkomst ved krysset til Nysetre, ca. 13 km etter Dalsidevegen frå avkøyrsel E136 mot Aursjøen og Sjong seter. Bomveg.

Lesja fjellstyre og Lesja kommune står for tilrettelegginga av natur- og kulturstigen.

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen

Natur- og kulturstigen på Dalsida kart