Kajakkpadling på Vangsvatnet Padling

Essential info

  • January – December

About Kajakkpadling på Vangsvatnet

Leig havkajakk på timebasis hjå Outdoor Norway, og sjå sentrum, fjella og bygdene rundt frå eit anna perspektiv frå Vangsvatnet. 

Havpadling fungerer like godt på innsjøar som på havet, og er ein aktivitet som er kjekk både for nybyrjarar og erfarne. Vangsvatnet er om lag 10 km langt med mykje å sjå langs land. Eit godt tips er å stoppe ved rasteplassen på Kvåle og kjøpe med påsmurt niste på utsalet til Hjelle Bakeri.

Kajakkane som vert leigd ut er stabile, og har du med born kan vi anbefale doble kajakkar med plass til to og endå meir stabile.

Ved leige av kajakk får du instruksjonar på sjølve padlinga og sikkerheit.


Inkludert:

- Kajakk og åre

- Spruttrekk

- Flytevest

- Padlejakke

- Pumpe, i tilfelle du får inn vatn

- Padlebånd, slik at du ikkje mister åra


Ta med:

- Badetøy

- Ull eller teknisk undertøy dersom det er kaldt

- Fottøy som kan bli vått

- Kleskift

- Solkrem, solbriller og hatt/caps ved behov


Krav:

- Min. 4 år saman med foreldre

- Min. 12 år i eigen kajakk

- Maks. vekt 150kg

- Informer om medisinske tilstandar som astma, epilepsi osb

Mer informasjon:

Outdoornorway.com