Voss Folkemuseum Kulturminner

  • Foto: Svein Ulvund

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Voss
  • Sesong: januar–november
  • Vanskelighetsgrad: Enkel
  • Lengde: 1.9 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 130 meter
  • Varighet: 1–3 timer

Open this adventure in the app to save it offline.

Om Voss Folkemuseum

Voss Folkemuseum er eit friluftsmuseum, og eit regionmuseum for Voss og nabobygdene. Museet har tre gardstun, som alle står på sine opphavlege plassar – Mølstertunet, Nesheimstunet og Oppheim gamle prestegard. I alt eig museet om lag 40 antikvariske bygningar. På Mølster ligg òg samlingsbygget, med faste og skiftande utstillingar. Dagestadmuseet, som ligg på andre sida av Vossevangen, viser arbeid av treskjeraren Magnus Dagestad.

Voss folkemuseum vart skipa i 1917, og har sidan 2008 vore ein del av Hardanger og Voss museum.

Mølstertunet vart freda i 1923, og vart offisielt opna som museum i 1928. Tunet gjev oss eit godt innblikk i den lokale byggeskikken, og fortel mykje om korleis folk levde i eldre tider. Garden har i fleire hundre år vore delt mellom to brukarar. To familiar dreiv gard i det same tunet, og her er i alt 18 hus. Det eldste huset på tunet er truleg frå tidleg 1500-tal, dei yngste frå 1870-åra.

I samlingsbygget er der ei omfattande basisutstilling, og kvart år vert det òg vist mindre temautstillingar. Her er i tillegg kontor, bibliotek, verkstad og magasin for foto og gjenstandar. Bygget er teikna av arkitekt Dag Mossige, og opna for publikum i 1985.

Sommaren 2017 kan du òg sjå Ekstremsportveko si Jubileumsutstilling.

Voss folkemuseum har i overkant av 20 000 gjenstandar. Det aller meste av dette er gjenstandar knytt til den lokale bondekulturen, slik han var fram til rundt 1900. Til samlingane høyrer òg eit innhaldsrikt bibliotek, fleire lokale arkiv, og rundt 70 000 fotografi.

I sommarsesongen er det omvising på tunet kvar heile time.

Kart

Lagre og del

Se flere populære opplevelser

Mt. Hanguren
Voss

Vandring 1.8 km · 1 – 3 t

Voss - The Red Cross Cabin
Voss

Fiske 3.6 km · 2 – 4 t

Bordalsgjelet Gorge
Voss

Vandring 2.4 km · 1.5 – 2.5 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt