Nedre Hestehovda Tur nr 1.7 Vandring

  • Nedre Hesthovda

    Nedre Hesthovda Foto: Ål Utvikling

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Ål
  • Sesong: juni–november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 1.9 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 180 meter
  • Varighet: 1–3 timer

Om Nedre Hestehovda Tur nr 1.7

Fin familietur som startar på grusveg og fortset på god stig. Bjørkeskog fyrst, men snart opnar snaufjellet seg med fantastisk utsikt inn mot fjellheimen. På toppen ser du også ned på Vatsfjorden og delar av Vats. Minneplate frå 2. verdskrig litt før Sirestøltjørna og på toppen.

Turen opp på Hesthovda (Storevarden) tek om lag ein time frå Sirestølen. Start med å gå langs hyttevegen frå Sirestøltjørna, og hald fram etter tydleg og god stig. Det stig jamt, men etter som ein kjem over bjørkeskogen vert ein lønna med vidt utsyn. Frå toppen ser ein ned på Vatsfjorden og delar av Vats. Nedatt same vegen. 

Namnet Hesthovda kjem av at hestane på utmarksbeite søkte opp på toppane når det var varmt i veret. Der var dei mindre plaga av fluger. Dermed måtte bøndene på fjelltur for å finne att hestane sine når desse trongst i arbeid. 

I området ved Hesthovda vart det utført fleire flyslepp i 1944-45. På slutten av krigen fekk telegrafist Gunnar Sætersdal i oppgåve å finne ein peilestasjon (Eureka) nær slepplassane. Han valde Hesthovda. Der sat han om nettene i reinsskinns-pose og peila etter signal frå sleppflya. 

Adkomst:

Køyr Fv 244 til Vatsfjorden. Ta opp fjellvegen forbi Langegard og vidare mot Sirestølen. Ta til venstre ved Hausestølen og køyr til Sirestølstjørne. Betalingsbom.

Parkering:

På parkeringsplassen ved Sirestølstjørne ( P-skilt )

Km/ moh:

ca 5 km tur/ retur. 1020 - 1192 m.o.h.

Kart:

Reineskarvet 1:50 000



Kart

Lagre og del

Tilbakemelding

Se flere populære opplevelser

Tonatten
Ål

Vandring 2 km · 1.5 – 2.5 t

Bergsjø and Reine
Ål

Skitur 12.4 km · 2 – 3.5 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt