Hovden på Stadlandet Vandring
Familietur mot Stadhavet
Viktig informasjon
- Destinasjon: Nordfjord
- Sesong: januar-desember
- Vanskelighetsgrad: Enkel
- Lengde: 2.3 kilometer (rundtur)
- Stigning: 150 meter
- Varighet: 1-1.5 timer
Om Hovden på Stadlandet
Denne turen går i lett terreng på veg som vart bygd tidleg på 1930-talet. Under andre verdskrig hadde tyskarane festningsverk på Hovden og det vart da bygd tunneler gjennom fjellet. Desse tunnelane er no restaurerte og ein kan gå gjennom ein av tunellane til eit utsiktspunkt. Ein sidetunnel fører til ein stige som går opp i dagen. På utsida av tunnelen fører vegen til toppen av fjellet.
Veibeskrivelse
Det er fleire alternativ å ta for å kome til utgangspunktet. Følg Fv 620 frå Åheim til Leikanger. Frå Selje føl ein Fv 631 til Sandvika og vidare på Fv 620 til Leikanger. Frå Leikanger føl Fv 633 og skilting til Ervik.
Pass på at du ikkje parkerer på snuplass for buss.
Turbeskrivelse
Start like ved Erviksanden camping. Denne turen kan gjerast som ein rundtur. Gå grusvegen gjennom gardstunet som ligg opp i bakken. Vegen vidare er tydeleg i terrenget.
Turen til toppen av fjellet går i slakt terreng med utsikt tilbake til bygda, badestranda og storhavet. Du kan også velge å gå inn i tunnellen før toppen og gjennom en sidetunell klatre opp stigen til toppen.
På returen er alternativ rute å gå ned dei bratte bakkane til naustrekka og grusvegen tilbake til utgangspunktet.
Faktaopplysninger
- Stien går gjennom et beiteområde så husk å lukk alle grinder.
- Ta med lykt for lys i tunnelen.
- Utsiktspunkt mot Stadhavet
Overnattingsmuligheter
- Ved utgangspunktet ligg Erviksanden Camping.
Kart
Questions or comments? Let us know.
Av Bodil Dybevoll
Bodil is the writer and photographer for nytnaturen.no, a Norwegian blog for the Sunnmøre area.
Sist oppdatert: