Reinheimen nasjonalpark Annet

  • Foto: Ole Thøring

  • Foto: Frank Wiggo Stavem

  • Foto: Ole Thøring

  • Foto: Morten Kielland

Viktig informasjon

  • Destination Lesja
  • Season januar–desember

Legg i favoritter

Om Reinheimen nasjonalpark

Reinheimen nasjonalpark – villmark med veidemannsspor. Nasjonalparken ligg i det nest største inngrepsfrie området i Sør-Noreg med sine 1969 km2 i utbreiing. Fjellområdet er særs variert. Dei høgste fjella reiser seg over 2000 m.o.h., medan det lågaste punktet ligg under Trollveggen ca. 130 m.o.h. I vest er det meir dramatiske kystfjell med kvasse tindar, djupe dalar og strie elver. I aust finn ein rundare fjell, innsjøar, slake vidder og rolege flyer. Nasjonalparken ligg i kommunane Lesja, Vågå, Lom, Skjåk, Norddal og Rauma.

I Reinheimen finst det mykje av det opphavlege fjelløkosystemet med villrein, jerv, kongeørn, jaktfalk og ryper. Den kritisk trua fjellreven er i ferd med å etablere seg i desse fjellområda på nytt.

Reinheimen er rik på kulturminne etter den gamle villreinfangsten. Det finst mange fangstgroper, massefangstanlegg, bogestelle og restar av gamle buplassar. Fjellområda her har vore i bruk sidan siste istid. I vår tid gjer brearkeologar funn etter gamal ferdsel i område som blir blottlagt når snø- og isfonner som smeltar. I 2014 blei det blant anna funne ei 1300 år gamal ski med binding.

Det meste av Reinheimen nasjonalpark er villmarksområde som er viktig for friluftsliv knytt til jakt og fiske. Området er elles i liten grad tilrettelagt for friluftsliv. I Tafjordfjella i vest, finst det merka stiar og turisthytter. Som gjest i Reinheimen er det viktig at vi strevar etter å ferdast sporlaust og vise omsyn til plantar, dyreliv og kulturminne.

For meir info sjå www.nasjonalparkstyre.no/Reinheimen  

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen

Reinheimen nasjonalpark kart