Rosengardshovda - 2017 10 turfavorittar Vandring

  • Rosengardshovda

    Rosengardshovda Foto: Torleiv Torgersen

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Ål
  • Sesong: juni–november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 1 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 110 meter
  • Varighet: –3 timer

Om Rosengardshovda - 2017 10 turfavorittar

Postkassa er satt opp.

Turen til Rosengardshovda er ein kort og lett «topptur» på god stig. Frå toppen ser du enden av Hallingskarvet i vest og utover Hallingdal i aust. Dersom du ynskjer ein rundtur kan du fylgje ein umerka men tydeleg stig vidare vestover. Etter ca 350 meter kjem du på merka stig att. Tar du til høgre kan du gå både korte og lange rundturar innover åsen. Bruk kartet Sykkel- og turkart Ål/ Gol/ Hemsedal 1:60 000. Dette området er også populært blant terrengsyklistar.

Kulturminner:
I dette området er det registrert to bogasteller. Dette er ein type kulturminner som kan sjåast i samanheng med fangstanlegg på høgfjellet heilt attende til 1500 f. Kr. Bogastella fungerte som skjulestad for jegerar, slik at dei lettare skulle komma på skothald av rein, men også andre dyr.

Turstig:
Lettgått tursti med flott utsikt. Du kan møte syklistar.

Tilkomst:
Frå Nedre-Ål Skule – fylg Øvre-Ålsvegen ( Fv 246 ) i 4,6 km til Kvinnegardslia. Ta av til høgre ved kontainerplassen og køyr 3,3 km langs Stavestølvegen og Kroktjørnvegen mot hyttefeltet Primhovda Sør. Betalingsbom

Parkering:
På parkeringsplass på venstre side av vegen 250m før hyttefeltet. Her står det ei infotavle.

Km: ca 2 km t/r, 1000 - 1114 moh

Detaltjert kart: Sykkel- og turkart Ål/ Gol/ Hemsedal 1:60 000

Kart

Lagre og del

Tilbakemelding

Se flere populære opplevelser

Fuglehovda

Ål

Skitur 6.5 km · 1 – 2.5 t

Buhovda

Ål

Vandring 2.9 km · 1 – 2 t

Pigghovda

Ål

Vandring 5.2 km · 2 – 3 t

Hellingstølen

Ål

Vandring 3.1 km · 1 – 2 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt