Bleste - 10 turfavorittar 2017 Vandring

  • Foto: Vegard Breie

Viktig informasjon

  • januar – desember
  • Medium
  • 3.2 kilometer
  • 80 meter
  • – 3.5 timer

Om Bleste - 10 turfavorittar 2017

Postkassa er satt opp.

DET ER JORDVEPS under plankane når du skal krysse myra kor du har eit lite tjern til høgre ( når du kjem frå Fekjastølvegen ). Det anbefales å gå i myra til venstre for plankane.

Godt merka tur i lett høgfjellsterreng med utsikt til Hallingskarvet, elva Lya og dei mange stølane. Frå Svarthamar går turen gjennom eit lite hytteområde og deretter mot hødepunktet Blesti. Gå same vegen attende eller fortsett på slak nedstigning til Tormodset. Herfrå kan du ta same vegen attende til Svarthamar, eller gå ein av stølsvegane.
Turen frå Tormodset blir den same berre motsatt veg.

Turstig:
Godt merka tur i lett høyfjellsterreng.

Tilkomst:
Alt 1.
Ta av til venstre frå RV 7 ca 3 km øst for Ål sentrum.
Køyr Nordbygdvegen (Fv. 244) gjennom Votndalen til skilt Fekjastølsvegen ( til høgre ). Fylg Fekjastølvegen til Svarthamar.  Bomveg.

Alt. 2:
Køyr Nordbygdvegen (Fv. 244), ta av til Votndalsvegen, fylg denne til Skrindovegen. Fylg denne vegen til første avkjøring til venstre ( mange postkasser ). Køyr vidare på Åsetnovegen til Tormodset. Bomveg.

Parkering:
Fekjastølvegen – på høgre side av vegen nokre hundre meter innanfor Svarthamar
Tormodset – på det høgste punktet på Tormodset

Km:
Frå Fekjastølvegen/ Svarthamar – 2,5 km ein veg

Frå Tormodset - 1,3 km ein veg

Frå Fekjastølvegen/ Svarthamar til Tormodset – 3,8 km ein veg
970 - 1077 m.o.h

Detaljert kart:
Sykkel- og turkart Ål/ Gol/ Hemsedal 1:60 000