Grytingen - 10 turfavorittar 2017 NB - delvis merka Vandring

  • Foto: Nils Kjell Kolbjørnsgard

Viktig informasjon

  • januar – desember
  • Vanskelig
  • 4.6 kilometer
  • 420 meter
  • – 5 timer

Om Grytingen - 10 turfavorittar 2017 NB - delvis merka

Postkassa er satt opp.

Turen er merka med rødt symbol fordi den berre er delvis merka. Vanskeleghetsgraden for sjølve turen tilsvarar blått symbol.

Turen startar ca. 300 m etter parkeringsplassen, ved ferista. Etter kvart krysser du ein bekk som fylgjer stigen i ca 2,5 km. Her flater stigen ut og du tek etter kvart til høre. Fylg pilmarkeringane innover flatane. Like etter at du har passert ein todelt stein, på høre side, tek ein liten stig deg oppover mot høgre. Pilmarkering der stigen tar av. Mister ein stigen er det mange småstigar i området som fører ein til toppen, på høgre side. Herfrå får du fantastisk utsikt til alle kantar. Gaustadtoppen i sør, Hallingskarvet i vest, litt av Jotunheimen i nord og Skogshorn i aust.
Postkasse og klyppetong er på varden lengst aust på toppen.

Turstig:
Skilta og delvis merka.

Tilkomst:
Ta av frå RV 7 ca 3 km sør for Ål Sentrum. Fylg Nordbygdvegen opp stigningane til mjølkerampe på venstre side. Ta til høgre og fylg Votndalsvegen til skilt Skrindovegen. Fylg denne og ta av fyrste avkøring til ventre (mange postkasser). Fylg denne vegen til Trettestølan. Bomveg.

Parkering:
Ved P-skiltet på høgre side av vegen rett etter at du har passert ei lita elv.

Km:
ca. 10 km t/r i krevjande terreng. 1025 - 1462 moh.

Detaljert kart:
Sykkel- og turkart Ål/ Gol/ Hemsedal 1:60 000