Grøthovda - 10 turfavoritter 2017

Vandring 4.2 km

Postkasse er satt opp.

Det er fleire måtar å gå turen, men ein fin variant er å gå over Mjelsnatten før du fortsett over Grøthovda.
Frå ryggen på Grøthovda ser du mykje av Veståsen med sine mange vatn og myrar. Deretter kan du gå langs Nedre Oddetjørni tilbake til Bosset.
Ynskjer du ein lenger rundtur kan den forlengast via Fjellheim og Svarthamarnatten. Då får du med deg fleire småtoppar på veg heim.

Kulturminne:
Jernvinneanlegg i lia ned mot Svanset

Turstig:
Lettgått tur på gode stigar i kuppert terreng.

Tilkomst:
Køyr opp Vestlia frå Ål stasjon (Vestlivegen), og fylg vegen til Bosset (Bossetvegen, ca. 11 km frå Ål stasjon). Betalingsbom.

Parkering:
På Bosset, ca 100 m etter Bossetvegen 611.

Km:
Ca 4,2 km for rundtur, 1060 - 1100 moh.

Detaljert kart:
Veståsen/ Sangefjell tur- og fritidskart 1:50 000/



Likte du Grøthovda - 10 turfavoritter 2017? Finn opplevelser i nærheten.

Buhovdnatten. 10 turfavorittar 2016

2 - 3 t

3.3 km

Rødungshovda. 10 turfavorittar 2016

0.5 - 1 t

1.3 km

Okslenuten. 10 turfavorittar 2016

1 - 2 t

1.1 km

Hallingdal Museum - 2017 10 turfavorittar

1.7 km