Skurvehovda - 10 turfavorittar 2017

Vandring 5.6 km

Postkassa er satt opp.
Det er fortsatt litt snø på stigen.

Start turen ved Mykingstølen. Stigen går i eit småkuppert og lettgått terreng over tregrensa.
Vest for Mykingstølen deler stigen seg. Den sørlegaste stigen kryssar Svartdyssa som er eit lite myrparti, elles går den i turt terreng. Den nordlege stigen følgjer ein gammal kjerreveg og bufarveg mot Mjåvasstølane. Ved Brekkedalen møtast stigane att, fortsett over Snøfonndalen til Skurvehovda. Herifrå er det eit vidt utsyn mot blant anna Vats, Reineskarvet og Hallingskarvet. 

Det er også fleire gamle stigar og vegar i området, og fleire av desse kan nyttast for å få til ein rundtur attende til Mykingstølen (sjå kartet), men dei er ikkje skilta og merka.

Kulturminne:
I lia opp mot Mykingstølen er det registrert både kolframstillingsanlegg og jernvinneanlegg.

Turstig:
Barnevennleg tur med vidt utstyn. Turen er og fin for terrengsykling.

Tilkomst:
Frå Nedre-Ål Skule fylg Fv 246 til Holto i Kvinnegardslia. Ta av mot Hevjansåsen og køyr til Mykingstølen. Bomveg.

Parkering:
På parkeringsplass rett før Mykingstølen

Km:
Ca 5,6 km t/r. 1030 – 1122 moh

Detaljert kart/ turbeskrivelse:
Sykkel- og turkart Ål/ Gol/ Hemsedal 1:60 000

Likte du Skurvehovda - 10 turfavorittar 2017? Finn opplevelser i nærheten.

Tonatten. 10 turfavorittar 2016

1.5 - 2.5 t

2 km

Galden - 10 turfavorittar 2017

1.9 km

Rosengardshovda - 2017 10 turfavorittar

1 km

Haugsnatten - 10 turfavoritter 2017

2.7 km