Haugsnatten - 10 turfavoritter 2017

Vandring 2.7 km

Legg i Favoritter

Postkassa er satt opp.

Frå Leveld kyrkje tek du traktorvegen som går sørover frå kyrkja og går brua over elva Votna. Følg traktorvegen til høgre oppover lia til du passer tuftene på Bekreholt, heimstølen til Veslegard. 200-300 meter etter Bekreholt tek du skarpt til venstre og fortset på ein enklare traktrorveg/stig. Hald fram på stigen beint oppover lia, på høgre side av Haugsnatten. 
Etter nokre hundre meter tek du til venstre, og følgjer ryggen utover til du står ytst på Haugsnatten. Det står eit gamalt trigonometrisk målepunkt der. Vær merksam på bratte stup.
Vel oppe får du flott utsikt mot bygda og fjella bak. Herifrå kan du blant anna sjå Reineskarvet, Lauvdalsbrea og Blåbergi.

Turstig:
Traktorveg og skogsterreng. Passar for turgåarar som toler litt motbakke.

Tilkomst:
Ta av til venstre frå RV 7 ca 3 km øst for Ål Sentrum
Køyr Nordbygdvegen (Fv. 244) mot Vats til du kjem til Leveld kyrkje.

Parkering
På parkeringsplass ved Leveld kyrkje.

Km:
ca 5,4 km tur/ retur. 679 - 709 m.o.h

Detaljert kart: Sykkel- og turkart Ål/ Gol/ Hemsedal 1:60 000

Kari Grete Kleivstøl

Likte du Haugsnatten - 10 turfavoritter 2017? Finn opplevelser i nærheten.

Bleste - 10 turfavorittar 2017

3.2 km

Bleste

1.5 - 3 t

2.9 km

Rosengardshovda - 2017 10 turfavorittar

1 km

Tonatten

1.5 - 2.5 t

2 km