Bergsjøen rundt - 2017 10 turfavorittar Vandring

  • Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

Viktig informasjon

  • januar – desember
  • Medium
  • 7.9 kilometer
  • 200 meter
  • – 3 timer

Om Bergsjøen rundt - 2017 10 turfavorittar

På grunn av mykje regn er det veldig vått i området. Bruk gummistølvar !

Postkassa er satt opp.

Rundtur i Bergsjøområdet der du fylgjer stigen rundt Bergsjøen. Ca 8 km i lett terreng og med Reineskarvet rett framfor deg då du går på sørsida av vatnet. I austre enden av Bergsjøen kan ta ein avstikkar ned forbi Revtjern og ut på Storeberget, der er det fantastisk utsikt over Vats med ca. 300 høgdemeter ned. Også flott utsikt om du tek ein avstikkar til Vardehovda (1400) litt lenger vest. Gode moltemyrer og mykje blåbær i tregrensa i sesongen. Rasteplassar fleire stader langs Bergsjøen. 

Ting å sjå: 
Flott utsikt over Vats frå Storberget, og mot Nordfjella frå Vardehovda

Turstig:
Skilta og merka

Tilkomst:
Ta av, til venstre, frå RV 7 ca. 3 km øst for Ål sentrum. Følg deretter fylkesveg 244 (Nordbygdvegen) gjennom Votndalen, Leveld og Vats til Bergsjø.

Parkering:
På parkeringsplass ved Bergsjøtoppen eller Bergsjøstølen.

Km:
8,2 km rundtur. 1080 - 1129 moh.

Detaljert kart:
Sykkel- og turkart Ål/ Gol/ Hemsedal 1:60 000

Kombiner gjerne turen med fiske i Bergsjøen, Revtjørn og Damtjørn. Fiskekort er å få kjøpt bl.a. på Bergsjøstølen.