Heimstølhovda Langrenn

Langrennstur på Veståsen

  • Foto: Ål Utvikling

  • Foto: Stig Boholm

Viktig informasjon

  • Destinasjon Ål
  • Sesong januar–mars
  • Vanskelighetsgrad Lett
  • Lengde 5 kilometer
  • Høyde 70 meter
  • Varighet 1–2.5 timer

Legg i favoritter

Om Heimstølhovda

Tur på ca 2,5 km i lett terreng, frå Heimstølhovda til postkassa med turbok, ved Hagastølen.

Frå Hagastølen er det fantastisk utsikt mot Torpoåsen, Hemsedalsfjellet, Reineskarvet og Hallingskarvet!

Veibeskrivelse

Køyr RV 7 mot Gol, til Trillhus, på grensa mellom Ål og Gol. Herfrå køyrer du opp Ridalen og følgjer vegen heilt til endes. Bomveg, kr 50,- pr tur.

Sjå løypekartet Veståsen – Sangefjell eller Skiløypekart Ål i Hallingdal.

Kart: Veståsen/ Sangefjell 1:50 000

Stibeskrivelse

Skituren startar ved Heimstølhovda etter å ha køyrt vegen opp Ridalen og til endes. Herfrå følgjer du skiløypa i lett turterreng inn til Hagastølan. Turen passar for alle aldersgrupper og er godt egna for barnefamiliar. Ved Hagastølen er det kiosk i veke 9, i påska og nokre helgar før og etter påske.

Ved Hagastølen deler løypa seg, der den eine løypa går i veldig lett terreng inn til Fjellset i Nes kommune. Derfrå kan du gå vidare og koma inn på Hallingdalsløypa Sør og opp til Dyna.

Ynskjer du å gå ein lengre tur kan du frå Hagastølan gå ned til Svanset, eller opp til Fjellheim på Veståsen. Då er du inne på Veståsen Løypelag sine løyper.

Se flere populære opplevelser

Rundtur på Veståsen
Ål

Skitur 2.3 km · 1.5 – 2.5 t

Sangefjell
Ål

Skitur 4.4 km · 1 – 2 t

Heimstølhovda kart