Rundtur frå Ustaoset til Prestholt Langrenn
Viktig informasjon
- Destinasjon: Geilo
- Sesong: januar-mars
- Vanskelighetsgrad: Middels
- Lengde: 14.5 kilometer (rundtur)
- Stigning: 400 meter
- Varighet: 2.5-3.5 timer
Om Rundtur frå Ustaoset til Prestholt
Følg skiløypa frå Ustaoset til Prestholtseter over Eimeheia. Turen byr på ein del motbakkar, men du får løn for strevet; Er veret bra er ikkje noko betre enn å sitte i solhellinga utanfor Prestholtseter med Hallingskarvet ruvande i bakgrunnen.
Turen går vidare vestover langs grensa til Hallingskarvet nasjonalpark mot Hesteberget. Her må du stoppe og nyte utsikten. Når du står med ryggen til skarvet ser du Hardangervidda og Hardangerjøkulen. Bak deg har du Eimeskaret og vidare vestover Tvergastein, hytta til ein av Noregs mest kjende filosofar, Arne Næss. Boka «Det gode lange livs far» er hans hyllest til Hallingskarvet.
Til slutt er det berre å sette utfor dei siste kilometerane med morosame nedoverbakkar attende til Ustaoset, mens ein kan fundere på dei små og store spørsmåla i livet.
Kart
Questions or comments? Let us know.
Se flere populære opplevelser
Sist oppdatert: