Buhovdnatten Vandring

  • Foto: Ål Utvikling AS

  • Foto: Simen Bjerke

  • Foto: Ål Utvikling AS

  • Foto: Ål Utvikling AS

  • Foto: Ål Utvikling AS

Viktig informasjon

  • januar – desember
  • Lett
  • 3.3 kilometer
  • 130 meter
  • 2 – 3 timer

Om Buhovdnatten

Alt på parkeringa på Bosset vert du møtt av ei framifrå utsikt.

Den kortaste vegen til Buhovdnatten går i eit lettgått terreng mellom små tjørn og myr. Frå parkeringa fylgjer du merking mot Buhovdnatten - etterkvart står det kun skilt til Dyna, fylgj dette til du får ny merking til Buhovdnatten.
Dersom du ynskjer meir utsikt undervegs kan du gå om nokre av småtoppane i området. Til dømes Grøthovda eller Svarthammarnatten, alle godt merka.

Frå toppen av Buhovdnatten ser du mykje av Veståsen med sine mange vatn og myrar.

Heimatt kan du gå same vegen, eller om Bolfjell, Steinstølen og Dyna. Då vert det ein langtur.

Køyrebeskrivelse:


Køyr opp Vestlia frå Ål Stasjon, og fylg vegen til Bosset ( ca 11 km fra Ål Stasjon). Bomveg

Parkering:

Parker ca 100 meter etter Bossetvegen 611.

Km/ moh:

7 km tur/ retur. 1060 - 1158 moh

Kart:

Veståsen/ Sangefjell tur og fritidskart.