Trøbergi. 10 turfavorittar 2016

Vandring 1 - 2 t 1.2 km

Kort tur med flott utsikt utover dalen og Strandafjorden. Stigen går i eit rikt kulturlandskap med stigning på om lag 200 m.

Start turen ved grendahuset i Breie.

Fylg gardsvegen opp til delet mellom Eikra og øvre Underberg.
Fylg kjerrevegen opp og i retning garden Bekkestad som ligg høgt og fritt med storstilt utsyn over dalen og Strandafjorden.

Når du har kome opp granskogen og passert eit le der det er laga klatregrind, er det mange store bjørker på nedsida langs vegen. Desse trea har vore lauvingstre. Lauving var ein vanleg teknikk tidlegare for å få nok fór til dyra. Trea blei skjert ned til om lag 1,5 m, då satte trea mange greiner og dermed mykje lauv. Kvistane vart bunta og satt saman i kjerv.

Viss du tek ein avstikkar frå stigen nedanfor restane av ei gamal løe kjem du ut på sjølve Trøberget.
Ynskjer du berre ein roleg, liten tur, kan du fylgje “Kjerringvegen” fram og tilbake. Det er den gamle ferdselsvegen gard i mellom vestover til Røtebakkdokki.

Adkomst
Følg Rv 7 mot Geilo. Ta av til Breievegen ca midtvegs langs Strandafjorden, og følg vegen til Grendahuset.
Her kan du parkere ( Breievegen 178 ).

Torleiv Torgersen

Likte du Trøbergi. 10 turfavorittar 2016? Finn opplevelser i nærheten.

Nasakamben. 10 turfavorittar 2016

1 - 2 t

1.7 km

Hallingdal Museum - 2017 10 turfavorittar

1.7 km

Kambenuten Olav Slettos Diktarstol

Rosengardshovda - 2017 10 turfavorittar

1 km