Rødungsberget Vandring

  • Foto: Ål Utvikling AS

Viktig informasjon

  • januar – desember
  • Medium
  • 1.6 kilometer
  • 210 meter
  • 1 – 2 timer

Om Rødungsberget

Turen finn du midt i Bergsjøområdet; kåra til finaste friluftsområdet i Ål i 2015.

Parkerar du på Slakteplassen går du fyrst fjellvegen opp til Rødungstøl Høyfjellshotell. Langs vegen ser du Vats Fjellkyrkje på høgre side. Stigen startar rett bak hotellet og svingar seg oppover lia.

Her kan det være nokre våte parti. Alt i starten på turen får du fin utsikt, spesielt mot bygda i Vats og utover Rødungen.
Etter vel 700 meter på stigen tek du til venstre i krysset. Terrenget flatar etter kvart ut og du får Bukketjørne framfor deg på høgre side. Er du heldig kan du møte på bergsjølam på beite.

Snart ser du Rødungsberget (1248 moh) framfor deg på venstre side, og du tek inn på stigen som går til venstre og rett opp mot toppen på berget. Utsikta når du kjem opp er formidabel, og du får panoramautsikt til bl.a. Reineskarvet, Lauvdalsbrea og Hallingskarvet. I tillegg ser du ned på ei rekke idylliske små og store fjellvatn.

Turen tilbake går du enten på same stigen, eller du kan gå ned att til
stigkrysset og fortsette på stigen som går vidare vestover slik at det blir ein tur rundt heile Rødungsberget. Etter kvart kjem du då til hyttefeltet vest for Rødungstøl
Høyfjellshotell og derfrå går du på fjellvegen attende til parkeringa.

Turen er fin å kombinere med fiske i Bukketjørne, og i tjørnet Bleikrei om du går heile rundturen. Hugs fiskekort. Serveringstilbod på Rødungstølen
Høyfjellshotell. Det er også andre stigar i området, sjå Bergsjøområdet sin
sommarbrosjyre for informasjon.

Køyrebeskrivelse:

Rv7 ca 2,5 km aust frå Ål Sentrum. Ta av til venstre og følg Fv 244 mot Bergsjø, til Slakteplassen eller Rødungstølen Høyfjellshotell.

Parkering:

På parkeringsplassen "Slakteplassen" eller ved Rødungstølen Høyfjellshotell.

Km/ moh:

3,5 km tur/ retur. 1052 - 1248 moh

Kart:

Sykkel og turkartet for Hemsedal, Golsfjellet og Ål 1:50 000 eller

Reineskarvet 1:50 000