Nasakamben

Vandring 1 - 2 t 1.7 km

Legg i Favoritter

Allereie på parkeringsplassen på Bakketeigen får du flott utsikt, men det kan altså bli betre.

Turen startar på grusveg, og deretter på stig som er bratt og steinete i starten. Etter ca 1,5 km tek du av til Nasakamben. Når du er komen på toppen blir du lønna med imponerande utsyn over Strandafjorden og austover i dalen. Det kan vere lurt å passe ekstra godt på borna i dette bratte terrenget.

Dersom du ynskjer ein rundtur går du ein lett stig til Orreleiksmyra. Derifrå har du fleire turalternativ tilbake til parkeringa. Du kan velge stigen til Dekkadn, eller velge stigen langs Strandaberget, der det ligg kolgroper frå ca. 800-1000 år e.Kr.

Lengre vest forbi Klyvset finn du Ljøtehola som er 90 m djup. Hola er sikra. Bruk kartet.
Ei segn om Ljøtehola fortel om at ein kalv med bjølle skal ha falle ned i hola. Etter ei stund kunne visst folk høyre bjølla skrangle rett under jorda ved garden Strand, som ligg fleire hundre meter frå hola. Ein annan versjon av same segna fortel at kalven seinare dukka opp att i Strandafjorden.

Køyrebeskrivelse:

Ta av frå Rv 7 mot Ål Folkehøyskule, ca 2,5 km vest for Ål sentrum. Følg Nossvegen forbi avkøyringa til folkehøgskulen på Bakketeigen.

Parkering:

Parker ved bommen like etter Nossvegen 316.

Km/ moh:

4 km. 705 - 974 moh.

Kart:

Reineskarvet 1:50 000 eller Sykkel og turkart for Hemsedal, Golsfjellet og

Ål 1:50 000

Likte du Nasakamben? Finn opplevelser i nærheten.

Hallingdal Museum - 2017 10 turfavorittar

1.7 km

Kulufossen

1.5 - 3 t

7.2 km

Trøbergi

1 - 2 t

1.2 km

Rosengardshovda - 2017 10 turfavorittar

1 km