Tonatten Vandring

  • Foto: Torleiv Torgersen

  • Foto: Torleiv Torgersen

  • Foto: Torleiv Torgersen

Viktig informasjon

  • Destination Ål
  • Season januar–desember
  • Difficulty Medium
  • Distance 2 kilometer
  • Elevation 20 meter
  • Duration 1.5–2.5 timer

Legg i favoritter

Om Tonatten

Fin topptur for heile familien på sørsida av Vatsfjorden som gjer deg panoramautsikt til Reineskarvet og Lauvdalsbrea når du kjem til toppen.

Start turen på traktorvegen med å gå austover, retning Leveld. Fortsett på stig langs med eit lite jorde og gjennom litt skog. Etter ca. 250 meter kryssar du elva Votna.
Herifrå gjekk den gamle ferdselsvegen mellom Søre Vats og Kvinnegardslia. Etter brua, må du dreie mot sør-vest. Stigen fylgjer ein rygg som går jamt og trutt oppover bjørkeskogen. På turen opp passerar du ein gamal stølsvoll med ei løe og ei lita hytte.

Fylg same vegen ned att. Ynskjer du ein rundtur kan du ta av stigen som går vestover, like før du kjem ned til enden av fjorden.
Derifrå kan du gå fylkesvegen attende til utgangspunktet.

Thonkollen eller Tobakken er ein gamal hoppbakke som vart rydda i 1944-45 og opna 3. mars 1945. Det vart gjort eit omfattande anleggsarbeid med flytting av grusmasse. Dette var medan det framleis var forbod mot forsamlingar. Det var to hopp, og Vatsfjorden vart brukt som slette. Bakkerekorden er visstnok 52 meter. Bakken var i bruk til utpå 1960-talet.

Køyrebeskrivelse:

Rv7 ca 2,5 km aust frå Ål Sentrum. Ta til venstre og  køyr Fv. 244 til Vats (ca. 17 km frå Ål sentrum).

Parkering:

I austre enden av Vatsfjorden

Km/ moh:

4 km tur/ retur. 740 - 980 moh

Kart:

Denne turskildringa og kart samt Reineskarvet 1:50 000

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen

Tonatten kart